Vi søkjer positive medarbeidarar som vil jobbe helg
Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina
- Frist 6.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ein meiningsfull og givande jobb tett på menneske som treng ekstra hjelp? Vi gjer livet betre for dei som ikkje har den same føresetnadane som andre.
Du vil kome til å jobbe med born på avlastning. Vi har ledig fleire faste stillingar på helg som er mellom 10-20 prosent. Du vil arbeide tre til fire helgar i løpet av tolv veker.
Arbeidsoppgåver
- hjelpe andre med daglege gjeremål
- delta i interne og eksterne møter ved behov
- føre journal
- andre utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Kvalifikasjonar
- over 18 år
- kan norsk godt, både munnleg og skriftleg
- god til å kommunisere og samarbeide, og likar ein jobb tett på menneske
Vi ønskjer at du har god omsorgskompetanse, og gjerne relevant erfaring. Før du kan starte i arbeid må du levere godkjent politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar
- motiverar, og er merksam på andres behov og kjenslar
- arbeidar sjølvstendig og taklar situasjonar som plutseleg oppstår
- held deg fagleg oppdatert
Det er viktig at du kan gjere det vesle ekstra for å skape hygge og trivsel kring deg. Du er trygg på seg sjølv, og viser dette gjennom arbeidet ditt.
Vi tilbyr
- ein varierande og innhaldsrik arbeidskvardag
- ein god og sentralt plassert arbeidsplass
- kjekke kollegaer
- god pensjons- og forsikringsordning
- løn og tillegg for kveld, natt og helg etter gjeldande avtalar
Tilsetting skjer på vanleg kommunale villkår. Faste stillingar har seks månaders prøvetid.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Cesilie Sundgot, Einingsleiar, +47 45449231Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5065448013
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 23.02.2026
Søknadsfrist: 06.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446382385
- Sist endret

