Customer Service Specialist - German Speaking
Avery Dennison NTP
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Engasjement
Ledig vikariat på vårt kundeservice team
Me søker ein strukturert og serviceinnstilt medarbeidar som vil styrke kundeserviceteamet vårt i ein travel periode. Som kundespesialist får du ei nøkkelrolle i å handtere bestillingar og koordinere leveransar til våre europeiske kundar.
Dette er ein flott sjanse til å få verdifull erfaring i eit internasjonalt selskap som leverer heat transfers over heile Europa.
Sentrale arbeidsoppgåver
Du vil fungere som bindeleddet mellom kunden og produksjonsavdelinga vår. Dei viktigaste oppgåvene dine blir:
Vere hovudkontakt for kundane og gi profesjonell støtte via e-post og telefon.
Handtere og følgje opp bestillingar i datasystema våre.
Koordinere med produksjonen for å sikre rette leveransar til avtalt tid.
Finne løysingar på utfordringar og sikre ein god kundeopplevelse.
Sørgje for nøyaktig dokumentasjon og sporbarheit i heile prosessen.
Kvalifikasjonar
Erfaring frå kundeservice, salgsstøtte eller logistikk.
Gode kommunikasjonsevner som skaper tillit hjå kunden.
Flytande engelsk er eit krav. Gode tyskkunnskapar er svært ønskjeleg, og forståing for norsk er ein fordel.
God teknisk forståing og erfaring med digitale verktøy (gjerne Google Suite).
Strukturert, påliteleg og trivst med å handtere fleire oppgåver samstundes.
Nøyaktig og flink til å disponere tida di effektivt.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: 6868 Gaupne
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Kundeservice
Nøkkelord
kundeservice, engelsk, tysk, norsk, kundespesialist
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446367948
- Sist endret

