Vikar som miljøarbeidar / assistent (77–100 % stilling)
Grytastranda Montessoriskule
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Vikariat
Vi søkjer ein trygg og relasjonssterk vikar som miljøarbeidar/assistent i skulen. Stillinga er knytt til tett 1:1-oppfølging av ein elev på småskuletrinnet. Stillinga blir lyst ut i 77–100 %. Ved 100 % stilling omfattar arbeidet også SFO ettermiddag måndag–torsdag. Vikariatet gjeld frå 09.03-19.06.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
-
Er god på å bygge relasjonar og skape tillit
-
Er trygg, tydeleg og varm i vaksenrolla
-
Har god evne til konflikthandtering
-
Har humor og tolmod
-
Likar fysisk aktivitet og ein aktiv arbeidskvardag
-
Er fleksibel, løysingsorientert og tek initiativ
-
Trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
Det er ein fordel om du:
-
Har erfaring frå arbeid med barn, skule, SFO eller liknande
-
Har naturleg autoritet og tryggleik i møte med barn som treng tydelege vaksne
-
Har førarkort klasse B
-
Er nysgjerrig og motivert for å lære nye ting
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Arbeidsoppgaver
-
Tett 1:1-oppfølging av ein elev gjennom skuledagen
-
Bidra til tryggleik, struktur og forutsigbarheit
-
Rettleiing og støtte i sosialt samspel og leik
-
Gjennomføre alternative aktivitetar ute og inne ved behov
-
Handtere utfordrande situasjonar på ein roleg, tydeleg og trygg måte
-
Samarbeide tett med lærarar, føresette og eventuelt støtteapparat
-
Bidra positivt til klasse- og skulemiljøet
-
Ved 100 % stilling: arbeid på SFO på ettermiddag (måndag-torsdag) og moglegheit for vikariat fram til 26. juni.
Vi tilbyr
-
Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, fleksibilitet og støtte
-
Eit inkluderande og engasjert kollegium
-
Ein variert og aktiv arbeidsdag
-
Rettleiing og samarbeid med fagpersonar ved behov
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446359206
- Sist endret