Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen HF
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Hudavdelinga, Hud- og og revmatologisk sengepost
- Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling, Spinaleininga, Nevrologisk akuttpost
- Lungeavdelinga, Post 1
- Kirurgisk klinikk, Gastrokirurgisk avdeling - Post 1, Gastrokirurgisk avdeling - Post 3, Bryst- og endokrinkirurgisk poliklinikk
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering - Post 1
- Ortopedisk klinikk, Ortopedisk avdeling
- Medisinsk klinikk, Medisin 1 vest/Medisinsk undersøkelse, Medisin 1 Nord, Medisin 5 Nord
- Klinikk hovud hals, Hovud-hals og auge sengepost
- Hjarteklinikken, Post 1s2v
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Hud- og revmatologisk sengepost ved Haukeland universitetssjukehus er ein spennande og variert arbeidsplass der du får høve til å utvikle brei kompetanse innan både hud- og revmatologiske sjukdommar. Vi har ansvar for behandling, oppfølging og rehabilitering av pasientar med komplekse og samansette lidingar, og er den einaste sengeposten for hudpasientar på Vestlandet. I tillegg har vi regionalt ansvar for revmatologisk behandling i Hordaland.
Hos oss møter du pasientar med ulike behov – frå akutte innleggingar til planlagde behandlingsforløp. Vi legg stor vekt på heilskapleg pleie, førebygging og opplæring av både pasientar og pårørande.
Arbeidet vårt er prega av tverrfagleg samarbeid, høg fagleg standard og eit sterkt fokus på kvalitet og pasientsikkerheit.
Sengeposten disponerer 15 sengeplassar på vekedagar og 10 i helgane, og vi held til i moderne lokalar i Hudbygget på Haukelandsområdet. Hos oss har vi tredelt turnus med mulighet for langvakter kvar 4. helg.
Kontakt: Trude Gildestad tlf. 55974037.
Nevrokirugisk avdeling søker sjukepleiar som trivst med eit høgt arbeidstempo, med god fagleg sjukepleie til pasientar i alle aldrar. Vi utgreiar og behandlar vaksne og barn som treng kirurgisk behandling for skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeidd fagutviklingstimar i vår årsturnus. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre, og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Kontakt: Åse Humberset, tlf. 55975662.
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.
Kontakt: Hege Storlid, Tlf. 93051019.
Nevrologisk akuttpost greier ut og behandlar sjukdom i nervesystemet. Vi er ein døgnpost med 30 senger, inkludert overvaking av hjerneslag og epilepsi. Hos oss treff pasientane eit kvalifisert team med tverrfagleg tilnærming. Vi kan tilby deg spennande, utfordrande, interessante og lærerike arbeidsdagar.
Kontakt: Laila Kvalvåg, tlf. 55975041.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Lunge post 1 – eit kraftsenter innan lungemedisin
Lunge post 1 er mellom dei største og mest avanserte lungemedisinske einingane i landet. Vi står i front innan pasientbehandling, utdanning og forsking, og er stolte av å vere ein leiande aktør på nasjonalt nivå. Her kombinerer vi sengepost med respiratorisk overvaking (ROE), og tilbyr høgspesialisert behandling til pasientar med komplekse behov.
Av våre 16 senger er inntil 8 dedikert til pasientar som trenger tettere respiratorisk oppfølging med respiratorisk støtte, som BiPAP eller respirator. Vi tar imot pasientar med alvorleg kols, respirasjonssvikt og lungebetennelse – og gir dei trygg, kompetent og omsorgsfull behandling i eit miljø prega av fagleg styrke og kontinuerleg utvikling.
Kontakt: Lillian Hopland, tlf. 55973552.
Gastrokirurgisk avdeling, post 1 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 40 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid.
Kontakt: Anette Haatuft Haugland, tlf. 55973408.
Gastrokirurgisk avdeling - Post 3 er ein spennande gastrokirurgisk sengepost med 20 senger. Vi behandlar både elektive og akutte pasientar med sjukdommar i heile mage- og tarmsystemet. Vi har også palliative pasientar. Her blir du god på pre- og postoperativ oppfølging av kirurgiske pasientar. Som sjukepleiar får du utført mange spennande prosedyrar, og blir god på teknisk sjukepleie. Vi har fokus på fagkunnskap, innovative løysingar og forbetringsarbeid. Vi har 3-delt turnus med moglegheit for langvakter.
Kontakt: Marianne Titland Sørensen Tlf. 55973599.
Bryst- og endokrinkirurgisk poliklinikk er ei spennande kirurgisk avdeling med høg aktivitet og høg kompetanse. Avdelinga har m.a. regionalt ansvar for avansert kirurgisk kreftbehandling i skjoldbruskkjertel samt sjukdom i binyrar. Poliklinikken har 10 tilsette og ca 7000 konsultasjonar årleg. Vi har ei operasjosstove på poliklinikken og vi driv utstrakt dagkirurgisk verksemd. Avdelinga deler sengepost med Avdeling for urologi. Vi har behov for sjukepleiar i 100% vikariat i 1 år. Dersom behovet opphøyrer etter denne perioden vil du gå over i fast stilling i Bemanningssenteret.
Kontakt: Elin Therese Skjønborg Thorstensen, Tlf. 55975916
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) Post 1 har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg. ReHabiliteringsklinikken held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering.
Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf 55918484.
Ortopedisk avdeling består av 4 sengepostar som er inndelt etter fagområde. Ortopedisk infeksjonspost, Ryggseksjonen (OT vest) og Proteseseksjonen (OT syd) har no ledige stillingar. Hos oss har vi fokus på godt arbeidsmiljø og gode utviklingsmoglegheiter. Ønsker du å jobbe med eit breitt spekter av ulike pasientgrupper? Ønsker du å jobbe i et hektisk, men supertriveleg arbeidsmiljø? Søk på OT da!
Kontakt: Ingrid Merete Hjelle, Tlf. 55973710.
Medisin 1 vest/Medisinsk undersøkelse. Spennande kombinasjonsstilling i Seksjon for Fordøyelsessjukdommar.
Stillinga er ein kombinasjonsstilling med 55 % på Medisin 1 vest (gastro) og 45 % på Medisinsk undersøking. På sengepost jobbar du tredelt turnus med arbeidshelg kvar tredje helg, og på Medisinsk undersøking jobbar du dagtid. Stillinga vil gi deg moglegheit til å få brei fagleg utvikling innan fagfeltet.
Post 1 Vest er ein sengepost der vi greier ut og behandlar pasientar med sjukdom i fordøyingssystemet. Vi har 16 sengeplassar i vekedagane og 13 sengeplassar i helgane. To av sengeplassane er overvakingssenger. Vi tek i mot både akutthjelp - og elektive pasientar, behandlar pasientar med sjukdom i matrøyr, magesekk, tynn- og tjukktarm, og dessutan lever, galle og bukspyttkjertel. I tillegg har vi pasientar med generelle indremedisinske sjukdommar og ernæringsvanskar.
Kontakt: Merete Favang, tlf. 55973608/Roy Cato Solheim, tlf. 55972139.
Medisin 1 Nord - Seksjon for hormonsjukdommar er ein nefrologisk og endokrinologisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar pasientar med mellom anna nyresjukdommar som kronisk og akutt nyresvikt, nefrotisk syndrom, pyelonefritt, oppstart med dialyse, hypertensjon, diabetes, elektrolyttforstyrringar, stoffskiftesjukdommar, samt vanlege indremedisinske sjukdommar.
Kontakt: Øystein Nautvik, Tlf. 55973619.
Medisin 5 Nord - Seksjon for blodsjukdommar behandlar pasientar med mistanke om, eller påviste blodsjukdommar. Vi har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi-og myelomatose pasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og har flytta til nye lokale i Marie Joys hus i mars 2025.
Kontakt: Ina K. Endregaard, Tlf. 99498863.
Hovud-hals og auge sengepost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. Likar du ein spennande, variert og lærerik kvardag? Avdelinga vår har fleire kirurgiske fagfelt og stipendordning for kreftsjukepleie. Det er stor variasjon av sjukepleie prosedyrar og arbeidsoppgåver. Det er svært høg trivsel i avdelinga med eit godt og trygt arbeidsmiljø og teamarbeid. Vi har fadderordning for nye sjukepleiarar, ønsketurnus og moglegheit for langvakter. Ta kontakt om du ønsker ein omvising i avdelinga eller har spørsmål.
Kontakt: Kjersti Walde, tlf. 55973502 eller Natallia Pashkouskaya, tlf. 55973515.
Hjarteavdelinga post 1s2v er ein stor hjartemedisinsk sengepost med 42 senger og ca 100 tilsette. Posten handterer både pasientar som treng hjelp straks og elektive pasientar. Vi har både lokal- og regionalfunksjon. Hovudgrupper av pasientar vi behandlar er pasientar med hjarteinfarkt og UAP, hjartesvikt, hjarterytmeforstyrringar og andre hjartemedisinske tilstandar som t.d. myokardit og perikarditt.
Kontakt: Beate Solheim Hansen Tlf 55972202.
Du må:
- Du har eller får norsk autorisasjon innan sommaren 2026
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
- Erfaring frå helse- og omsorg er eit pluss, men ikkje eit krav
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
- For nokre avdelingar er det krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr helsepersonelloven § 20a og politiregisterloven § 39 første ledd
Vi tilbyr:
- Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode utviklingsmoglegheiter – både fagleg og personleg
- Lønn etter gjeldande avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til vårt idrettslag – HSI – med mange aktivitetar og eit sosialt fellesskap
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5065488044
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446314536
- Sist endret

