Vikariat rekneskapsmedarbeidar
Finnås Kraftlag SA
- Frist 25.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Finnås Kraftlag SA søker vikariat rekneskapsmedarbeidar
Har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Me søker etter ein dyktig person til eit vikariat i samband med ein foreldrepermisjon. Du blir del av ein dyktig økonomiavdeling med godt arbeidsmiljø og fokus på effektivitet og kvalitet.
Stillingsprosent: 100 %
Varighet vikariat: 12 - 15 månader
Arbeidsoppgåver:
Lønnsarbeid frå A til Å, inkludert lønnskjøring, reiserekning, rapportering og oppfølging
HR-oppgåver
Bilagsføring og handtering av bilagsflyt
Avstemming
Rekneskapsarbeid, inkludert rapportering av offentlege avgifter
Andre førefallande økonomi- og rekneskapsrelaterte oppgåver
Kundeservice
Ønska kvalifikasjonar:
Høgare utdanning innanføre rekneskap/økonomi
Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
Erfaring frå lønn og HR
God IT-kunnskap
Kjennskap til økonomisystemet Xledger er ein fordel
Personlege eigenskapar:
Strukturert
Gode samarbeidsevner
Løysingsorientert
Service er eit viktig ord hos Finnås Kraftlag. Me søkjer ein positiv og utadvendt person som meistrar travle periodar med pågangsmot og godt humør
Me kan tilby:
Gode løns- og pensjonsvilkår
Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Variert kvardag
Velferdshytte
Ferdigheter
- Administrere lønn
- Avstemming av kontoer
- Bruke regnskapssystemer
- Rapportering
- Regnskap og bokføring
- Reiseregninger
- Skattemelding
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Finnås Kraftlag SA er morselskap i eit konsern med to heileigde dotterselskap, Finnås Kraftlag AS og Bømlo Kraftnett AS.
Finnås Kraftlag AS leverer fibertenester og driv med kraftomsetning, medan Bømlo Kraftnett AS er eit nettselskap som eig og driftar straumnettet på Bømlo, med unnatak av Brandasund. Finnås Kraftlag SA er organisert som eit sameige og er eigd av innbyggjarar og bedrifter på Bømlo. Finnås Kraftlag SA leverer administrative tenester til dotterselskapa. Konsernet har til saman 33 dyktige tilsette.
Økonomiavdelinga leverer økonomi- og HR-tenester til konsernselskapa, og handterer blant anna lønn, rekneskap, rapportering og budsjettering.
Me har nokre verdiar som me set høgt og som våre tilsette skal ha med seg i alt dei gjer. Desse verdiane er: Servicevenlege, dyktige, rettskafne og offensive.
Har du spørsmål til stillinga, ta kontakt med:
Christine Schei Alfredsen, avdelingsleiar økonomi- og HR.
tlf: 98 63 76 30
e-post: christine.alfredsen@finnas-kraftlag.no
- Sektor: Samvirke
- Sted: Hollundsdalen 1, 5430 Bremnes
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kraft og energi, Økonomi og regnskap, Telekommunikasjon
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Kundeservice, Økonomi og regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Økonomi, Rekneskap, HR, lønnsarbeid, bilagsføring
Velkommen til oss!
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446099531
- Sist endret