Tilkallingsvikar – Haugetun bukollektiv for eldre, Ytre Bremanger
Open omsorg ytre, Bremanger kommune
- Frist 15.2.2026
Har du lyst til å vere med og skape gode dagar for eldre i eit trygt og sosialt miljø? Haugetun bukollektiv i Ytre Bremanger søkjer tilkallingsvikarar som kan bidra med omsorg, tryggleik og trivsel for våre bebuarar.
Hos oss blir du ein del av eit lite, godt arbeidsfellesskap der vi legg vekt på nærleik, respekt og humor i kvardagen. Arbeidet handlar om å gi praktisk hjelp, pleie og støtte – men også om å vere til stades, lytte og skape gode augeblikk.
Vi ser etter deg som:
- Har eit varmt engasjement for menneske
- Er fleksibel og kan stille opp ved behov
- Har gode samarbeidsevner og likar å bidra til fellesskapet
- Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er fint, men ikkje nødvendig – vi gir opplæring
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
- Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Moglegheita til å gjere ein forskjell i kvardagen til våre bebuarar
- Løn etter gjeldande tariff
Kontaktinformasjon
Therese Grotle Eikeset, Fagleiar heimesjukepleien, 95 98 29 69Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, +47 959 82 940
Arbeidsstad
Stasjonsvegen 26727 Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5064211930
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 446090878
- Sist endret
