Ferievikarar
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
- Frist 24.02.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Luranetunet bu og behandlingssenter treng ferievikarar
Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spanande praksis og ein meiningsfull feriejobb?
Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden juni - august. Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobbe og kva avdelingar. Vikarar som kan jobbe samanhengande, helst 4 veker, og dekke eit størst mogleg tidsrom av sommaren, vil bli prioritert. Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast.
Arbeidsstad
Kun nokre få minutt køyring frå Bergen ligg Luranetunet bu og behandlingssenter.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel».Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Vi har og ein flott innebygd tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette.
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Behovet for ferievikarar gjeld i pleie- og omsorgstenesta, avdelingar:
- Behandlingsavdeling
- Rehabiliteringsavdeling
- Buavdeling 1. etg.
- Buavdeling 2. etg.
- Avd. Breheim
- Avd. Bergheim
- Avd. Fjordheim
- Avd. Solheim
- Avd. Vårheim
- Reinhaldsavdeling
- Vaskeriavdelilng
- Nattevaktslaga
Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer fortløpande etterkvart som avdelingane er ferdig med å planlegge ferieavviklinga. Det vert ikkje sendt avslagsbrev til søkjarar som ikke får tilbod om jobb.
Kvalifikasjonar:
- Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp.
- Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
- Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du og velkomen til å søkja sommarjobb hos oss
- Har evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Dine personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Vi kan tilby
- Løn etter gjeldande avtalar, studentavlønning for relevant utdanning
- Ekstra tillegg for arbeid på natt
- Ulike vaktordningar som t.d. langvakter som bidreg til at du kan få lengre friperiodar mellom vaktene.
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein god moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkeserfaring.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
- Ekstra godtgjersle: Eininga kan tilby frivillig bonusavtale for sommarvikarar. Vilkår for bonusopptjening er arbeid i 100% turnusstilling som sommarvikar i 5 samanhengande veker, med minimum 40 timar på helg. Storleik på bonus varierer med fagkompetanse og utgjer mellom kr. 10.000 og 25.000
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
FerdigheterAI-generert
- Helsevitenskap
- Medisinsk pedagogikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 15
- Sted: Solstrandsvegen 39, 5200 Os
- Bransje: Annet, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
Nøkkelord
student, ferievikar, sommerjobb, sykepleier, helsefag
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445959310
- Sist endret

