
Integrasjonsarkitekt
Helse Vest IKT
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe i det største integrasjonsmiljøet på Vestlandet?
Vil du bidra til at helsevesenet blir enklare for pasientar, legar og sjukepleiarar gjennom digitalisering? Er du nyutdanna og klar for di første utfordring, eller er du allereie godt etablert i arbeidslivet? Da vi vil høyre frå nettopp deg.
Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med eit samla ansvar for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 44 kunnskapsrike medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Tilgang til kritiske helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare.
Om stillinga
Hos oss får du jobbe i eit stort, tverrfagleg miljø med eit inspirerande samfunnsoppdrag. Fokuset ditt vil vere på integrasjonar og integrasjonsarkitektur, og behovet for samhandling mellom ulike system. Du vil få ein kvardag med mange utfordingar, mykje læring og rom for fagleg og personleg utvikling i stillinga som integrasjonsarkitekt.
Du vil inngå i eit team med 16 arkitektar og utviklarar. Saman vil de ha direkte innverknad på korleis lokale, regionale og nasjonale løysingar blir realiserte. Som integrasjonsarkitekt skal du sørgje for at løysingane har god kvalitet. Samstundes skal dei tole den raske teknologiutviklinga og ivareta ein heilskapleg arkitektur. Du vil ha ei brei kontaktflate med mange interessentar, til dømes leiarar og helsepersonell, arkitektar, systemforvaltarar og teknisk personell hos leverandørar.
Organiseringen av Helse Vest IKT er for tiden i endring. Dette kan derfor gje endringar i stillingens organisatoriske plassering og teamorganisering.
Kva gjer en integrasjonsarkitekt?
Som integrasjonsarkitekt omset du behov for samhandling mellom system til saumlause integrasjonsløysningar.
- Skaffar innsikt og analyserer behov i tett dialog med brukarar, løysingsarkitektar og andre interessentar, ofte med støtte i UML, BPMN eller Archimate modellar.
- Sørgjer for at alle partar har felles forståing av kva behovet er og korleis det kan løysast.
- Vurderer arkitektur (passe inn i eksisterande arkitektur).
- Velgjer standarder og integrasjonsmønster, til dømes synkron HL7 FHIR integrasjon.
- Stiller krav til systemleverandører og utviklere.
Kven er du?
Kvalifikasjonar
- Har utdanning på masternivå, fortrinnsvis teknisk, eller har langvarig relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- Nysgjerrig på ny teknologi og tileignar deg raskt ny kunnskap.
- Er lyttande, analytisk og strukturert.
- Er ein lagspelar og god til å byggje relasjonar.
- Formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
Hos oss får du
- Vere del av arkitekturarbeid og prosjektarbeid i ein stor organisasjon.
- Varierte og utfordrande arbeidsdagar. Du får jobbe med både store og små oppdrag.
- Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
- Ein arbeidsgjevar som forstår at livet er meir enn jobb, og vektlegg ein god balanse mellom jobb og privatliv.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Høyrest dette ut som noko for deg? Søk slik at me kan snakkast!
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- ArchiMate
- Business Process Model and Notation (BPMN)
- Fast Healthcare Interoperability Resources (FHIR)
- IKT-systemintegrering
- Inkluderingskompetanse
- Kvalitetskrav
- Teknisk utdannelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: Systemarkitekt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Løsningsarkitekt, Arkitektur, Volere, Integration
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445935361
- Sist endret

