Ferievikarar i pleie- og omsorg 2025 i Valldal/Eidsdal
Helse, omsorg og velferd Fjord kommune
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Fjord kommune søkar etter ferievikarar i helse- og omsorgstenesta i Valldal og Eidsdal (sjå eigen utlysing for helse- og omsorg i Stordal).
Behovet til kommunen er variert og vi er interessert i alle som kan gå inn i ei heiltid- (100%) eller deltidsstilling for både lang og kort periode.
Ved innsending av søknaden ønskar vi at du presiserar kvar du kunne ønskje å arbeide, når du er tilgjengeleg (frå - til) og kor mykje du kan arbeide (stillingsstorleik). Vi har behov for personell som kan starte i mai og jobbe ut august. Har du høve til å starte før, er det bare å skrive det i søknaden.
- For ferievikarar til kjøkken må søkjar ha fylt 18 år.
- For ferievikarar til heimebasert omsorg, institusjon og bustad for personar med nedsett funksjonsevne må søkjar fylle 18 år, inneverande år.
- For arbeid i pleie- og omsorg vil ein inngå i turnus med arbeid dag, kveld og natt. I dagens grunnturnus er det lagt opp til arbeid kvar tredje helg, men arbeid kvar andre helg er og muleg om ein ønskar dette. I Fjord habilitering har dei langvakter på 14 timer og 10 timar aktiv nattevakt.
Ein vil starte med tilsetting før søknadsfristen er ute for å sikre nok arbeidskraft til sommaravviklinga.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver i direkte kontakt med brukar/pasient.
- Aktuelle arbeidsstader:
- Sjukeheimen
- Kjøkken
- Heimebasert omsorg i Valldal og Eidsdal, søkjar må ha førarkort klasse B
- Fjord habilitering - avdeling Valldal
Kvalifikasjonar
- Vi søkjar primært etter personar med helseutdanning eller etter studentar i helseretta utdanning
- Søkjarar utan helseretta utdanning er også aktuelle.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnskap.
- Politiattest av ny dato må leggast fram til stillingar der dette vert krevd.
- Må beherske norsk både skriftleg og munnleg
- Bilsertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og triveleg
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med garantilønnstabell i HTV - KS og tillegg basert på kommunens lønnspolitiske plan
- Lønnstillegg på 20% oppå garantilønn for alle ferievikarar i perioden 1. juni - 31. august
- Medisinstudentar ferdig med 4 eller 5 termin får 25% tillegg på garantilønn.
- Kr 3500,- i bonus for alle ferievikarar som arbeidar 80% eller meir i minimum 6 veker (juni - august) som tilsvarar ca. 170 timar
- Nyutdanna sjukepleiar og vernepleiar får lønn lik 10 års ansiennitet = kr 596 600 NOK
- Lønnstillegg på 20% oppå garantilønn for alle ferievikarar i perioden 1. juni - 31. august
- Det vert trekt 2% frå løna til innskot til pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal, 41867970
Sindre Søvik Erstad, Kommunalsjef Helse, Omsorg og Velferd, +47 95855960
Arbeidsstad
Olavsgata 226210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 5064258586
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 30.08.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445906757
- Sist endret

