Vernepleiar fast stilling i ambulerande tjeneste
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
- Frist 3.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Ambulerande tjenester til personar med funksjonsnedsettingar er eit nytt og spennande tilbod i eining Meistring og psykisk helse. Tjenesten gir hjelp og bistand til heimebuande brukarar med funksjonsnedsettingar, og teamet eit eit aktivt, lite og engasjert fagmiljø som brenn for å skape gode tjenestar.
Vi har no ledig fast 100 % stilling som vernepleiar frå medio mars 2026. Stillinga er knytt til ein brukar i tillegg til ambulant tjeneste. Stillinga inngår i turnus med langvakter kvar 4. helg.
I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli lagt stor vekt på ved tilsetjing.
Menn blir oppmoda om å søkje.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide målretta for den enkelte tjenestemottakar i tett samarbeid med pårørande.
- Koordinere og leie ansvarsgrupper med aktivt bruk av individuell plan.
- Levere tjenester ut frå gjeldande lovverk.
- Målretta miljøterapeutisk arbeid.
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
- For vernepleiar/sjukepleiar gjeld også legemiddelhåndtering etter prosedyre.
Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som vernepleiar, men sjukepleiar og andre med relevant bachelor i helse- og sosialfag og med erfaring frå denne brukargruppa kan også søkje.
- Erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsnivå.
- Erfaring frå arbeid i ambulant tjeneste er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd og kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Førerkort for bil.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg og personleg trygg.
- Er ein god lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Har evne til å bygge gode, trygge relasjonar til både brukarar og kollegaer.
- Har gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Er raus, omgjengeleg og har godt humør.
Vi tilbyr
- Varierande og givande arbeidsoppgåver.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5063790262
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445895331
- Sist endret

