Lærar i vikariat
Alver kommune
- Frist 25.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Alversund skule treng vikar snarast råd.
Om stillinga
Vi søkjer engasjert og fagleg interessert lærar til arbeid på 1.-7. trinn.
Om oss
- Alversund skule er ein 1-7-skule, med 312 elevar.
- Skulen ligg fint til i Alversund, med naturen tett på.
- Vi arbeider trinnbasert, der lærargruppa samarbeider om elevane.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning og planleggiing av undervisning
- Utviklingsarbeid ag vanlege øvrige oppgåver.
- 100 % stilling, men deltid kan og være aktuelt
Kvalifikasjonskrav
- Grunnskulelærar 1.-7. er ønskjeleg.
- Annan undervisgningskompetanse kan vurderast
- Gjerne erfaring frå undervisning ved barneskule
Kven er du?
- Du er er god i relasjonsarbeid
- Du har godt humør og er ein god klasseleiar
- Du er fleksibel og likar å samarbeide med andre
Me tilbyr
- Full stilling fram til sommaren
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjere ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- Oppfølging, rettleiing og eit godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Meer Alver
100% stilling
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Alverflaten 270, 5911 Alversund
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445890663
- Sist endret