Vi søker leiar for framtidas Kjeldsund – der verdiar blir til opplevingar!
Kjeldsund
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi ser oss om etter ein dyktig dagleg leiar som kan vere med å utvikle og drifte Kjeldsund. Vår nåverande daglege leiar går inn i andre roller i verksemda og vi ser oss derfor etter en ny dagleg leiar.
Hva vi ser etter
Vi ser etter ein trygg og samlande leiar med erfaring frå personalleiing og dagleg drift, som evnar å kombinere struktur og gjennomføring med varme og relasjonsbygging. Du kommuniserer tydeleg og tillitsfullt, skaper engasjement og trivsel, og har evne til å samarbeide breitt med tilsette, frivillige, styre og samarbeidspartnarar.
Du ønskjer å leie i tråd med Kjeldsunds kristne verdigrunnlag og deler engasjementet for fellesskap, natur, læring og berekraft. Med blikk for både historie og framtid er du utviklingsorientert, løysingsfokusert og trygg i rolla som den som set retning og tek ansvar i ein variert kvardag.
Arbeidsoppgaver
Vi ser etter deg som vil vere me då utvikle og drifte Kjeldsund så nye generasjonar får kome på leir, og å oppleve meiningsfulle aktivitetar.
Leiing og personalansvar
-
Overordna ansvar for dagleg drift av verksemda
-
Personalansvar inkludert medarbeidarsamtalar, oppfølging av tilsette og gjennomføring av stabsmøte
-
Sikre eit forsvarleg og inkluderande arbeidsmiljø
-
Leie og koordinere frivillig innsats
Styre- og organisasjonsarbeid
-
Bindeledd mellom styret og leirstaden
-
Sekretærfunksjon for styret, inkludert sakshandsaming og oppfølging av styrevedtak
Drift, utvikling og prosjektoppfølging
-
Ansvar for utviklingsprosjekt
-
Bidra til at Kjeldsund blir utvikla i tråd med dei strategiske måla og berekraftsprinsipp
-
Oppfølging av budsjett og rekneskap
Bygningsmasse og anlegg
-
Overordna ansvar for teknisk tilstand på bygg og anlegg
-
Dialog med riksantikvar, fylkeskommune og kommune i saker knytt til bygningsvern og områdevern
-
Sikre at uteområdet er i samsvar med gjeldande krav og retningslinjer
Relasjonar og vertskap
-
Sørgje for at gjester og frivillige opplever eit profesjonelt og imøtekommande vertskap
-
Representere Kjeldsund i møte med samarbeidspartnarar og lokalsamfunn
Vi tilbyr
-
Ei ansvarsfull og variert leiarstilling
-
Moglegheit til å vidareutvikle ein tradisjonsrik og samfunnsnyttig institusjon
-
Eit engasjert arbeidsmiljø med både tilsette og frivillige
-
Lønn etter tariff
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445773631
- Sist endret