Tilkallingsvikar
Fjord kommune
- Frist 31.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Fjord kommune har behov for fleire tilkallingsvikarar i kommunen som kan vere aktuell for å ta på seg oppdrag over kort og lang tid. Skriv gjerne i søknaden kvar du kunne tenke deg å arbeide.
Når det gjeld arbeid som tilkallingsvikar har ein ikkje eit fast forpliktande arbeidsforhald. Det fungerar på den måten at du får ein arbeidsavtale der du står på tilkalling og ved eventuelle behov ringer arbeidsgjevar (Fjord kommune) og høyrar om du er ledig for arbeid. Du har ingen plikt til å seie ja, men det er sjølvsagt ønskeleg. Dei som arbeider fast i helgene kan også vere tilkallingsvikar såframt det ikkje er i konflikt med den faste stillinga.
- Det er ønskeleg at du skriv inn i søknaden kva for ei stilling du er på jakt etter og kvar du ønskar å jobbe i kommunen.
- Søknader og tilsettingar blir behandla fortløpande
Følgjande einingar har behov:
- Barnehagene i Fjord kommune - (Dalsbygda, Syltebøen og Stordal)
- Skule/SFO i Fjord kommune - (Eidsdal og Valldal)
- Reinhald
- PLO Valldal og Stordal
- Habilitering
Andre einingar i oppvekstsektoren har også behov
Arbeid som tilkallingsvikar eller i fast deltidsstilling vil gi prioritet for at du får jobbe ein del i ferie og høgtidar.
NB Tilsettingar og søknadar vert behandla fortløpande NB
Arbeidsoppgåver
For arbeid i barnehage
- Skape ein god barnehagekvardag
- Bidra i det pedagogiske arbeidet med barn i alderen 1 - 6 år
- Delta i aktivitetar inne og ute.
For arbeid på skule/SFO
- Undervisning eller ekstrahjelp/assistent saman med lærar
- Bidra i det pedagogiske arbeidet med barn i 1 - 4 klasse før og etter skuletid (07:00 - 08:30 / 14:15 - 16:20).
- Delta i aktivitetar inne og ute
For arbeid i helse- og omsorg
- Pleie og omsorgsoppgåver i direkte kontakt med brukar/pasient.
- Generelle oppgåver knytt til avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Godkjent politiattest for arbeid i oppvekst og helse
- Bør vere 18 år, men yngre kan og søke.
- For arbeid i heimetenesta må ein ha førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Arbeidsvillig
- Uredd og ansvarsfull
- Engasjert
- Likar å samarbeide og jobbe i team
- Lærevillig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med tariff
- Gode pensjon- og forsikringar
- Varierande arbeid
- Dyktige medarbeidarar
Kontaktinformasjon
Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, 41867881
Diana Helland, Styrar Stordal Bhg., 41867896
Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, 41867990
Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, 41867841
Tor Petersen, Rektor Eidsdal skule, 41867861
Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal, 41867970
Truls Villanger, Prosjektleiar bygg, 91543144
Grete Kvammen Tøsse, Leiar pleie og omsorg, Stordal, 41867960
Arbeidsstad
Olavsgata 10
6210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 5060194113
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445747868
- Sist endret
