60% fast stilling, for tida i praktisk bistand (heimehjelp), i Lom
Lom Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Heimebasert omsorg i Lom Kommune har ledig 60% fast stilling for tida i praktisk bistand (heimehjelp). Stillinga er fortrinnsvis for helsefagarbeidarar, men ufaglærte med relevant erfaring oppmodast til å søkje.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
-
har offentleg godkjent helsefagarbeidar, men søkjarar med anna relevant erfaring eller utdanning kan bli vurdert. Opplæring blir gjeve ved behov. Vi oppmodar også søkjarar som ikkje allereie har helsefagleg utdanning, men som ynskjer å utføre ein slik utdanning, til å søkje.
-
har erfaring frå likande arbeid
-
har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
-
har godkjent politiattest
-
har førarkort klasse B
I tillegg ynskjer vi at du:
-
er trygg, fleksibel, og motivert.
-
er ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktig.
-
evnar å arbeide både sjølvstendig og i team.
-
har gode kommunikasjonsevner.
-
har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling.
-
har endringsvilje og er ein lagspelar.
-
vil vera med å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vektleggast for stillinga.
Arbeidsoppgaver
-
Sikre brukaren praktisk bistand etter vedtak, ved å bistå med å dekkje viktige behov som brukaren sjølv ikkje er i stand til å gjere for ei kortare eller lengre periode. Dette kan vere naudsynt reinhald av opphaldsrom i bustad, oppvask/klesvask, handel, ernæringsarbeid, og bistand til personleg hygiene og dusj.
- Heimehjelpa skal bidra til at brukaren kan greie seg mest mogleg sjølv, og bu lengst mogleg i eigen heim.
-
Nytte journalsystemet Profil / mobil omsorg som eit dagleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging / utføring av oppgåver, og dokumentasjon.
-
Følgje rutinar i avdelingane og bidra til forbetringsarbeid
Vi tilbyr
-
60% fast stilling, for tida i praktisk bistand (heimehjelp), ledig frå dags dato, og med oppstart etter avtale.
-
Arbeidstid etter gjeldande arbeidsplan med fortida dagtidsarbeid vekedagar i praktisk bistand (heimehjelp).
-
Stillinga kan for kvalifisert helsefagarbeidar aukast til 75% fast stilling med arbeid kvar 3. helg i turnus hjå heimesjukepleia.
Vi tilbyr og:
-
Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde.
-
Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445745385
- Sist endret