Sjukepleiar 100 % svangerskapsvikariat
Bokn kommune Pleie- og omsorg
- Frist 8.2.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sjukepleiar 100 % svangerskapsvikariat Er du sjukepleiar og har lyst til å jobbe på ei lita, koseleg sjukestove med flott sjøutsikt,trivelege bebuerar og dyktige, inkluderande kollegaer? Då kan pleie- og omsorg på Bokn vere staden for deg! Arbeidsdagane er varierte, då ein vekslar mellom å arbeide inne på sjukestova og ute i heimetenesta.Me nyttar oss av tredelt årsturnus med 325 timar knytta opp mot helgearbeid, har årsturnus med moglegheit for å avvikle helgetimane med langvakter, (for tida kvar 4.helg),eller 3.kvar helg med ei ordinær vakt og ei langvakt. Me er fleksible i forhold til ønska stillingsstorleik, men ønskjer å tilsette i minimum 80 % stilling.Stillinga er ledig frå snarast og i eitt år frå tiltredingsdato, med moglegheit forlenging.Om arbeidsstaden Pleie- og omsorg består av heildøgnsomsorg i institusjon (sjukestova), omsorgsbustadar, heimetenesta og bu- og aktivitet. Avdelingane er lokalisert på Boknatun i Føresvik. Arbeidsoppgåver i stillinga Ordinære sjukepleiefaglege oppgåverMedikamenthandteringStell og pleieTverrfagleg samarbeidTillitsskapande miljøarbeidVeiledning til pasientar og pårørandeVeiledning av kollegaer, studentar/elevarHalde seg fagleg oppdatert og bidra med fagleg utvikling Kompetansekrav Offentleg godkjent sjukepleiarFørarkort klasse B Personlege eigenskapar Evne til å motivere og engasjereInitiativrik og fleksibelGod samhandlingskompetanseEvne til å arbeide sjølvstendigTrivast med å arbeide med menneskerGodt humør og løysningsorientertBidra til eit godt arbeidsmiljøHandtere travle arbeidskvardagar Arbeidsgjevar tilbyr Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtaleDyktige, motiverte og inkluderande kollegaerMoglegheit for fagleg utvikling
Link til søknadsskjema: Søk her
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445269578
- Sist endret
