Ferievikar Fellesvaskeriet
Omsorg og sjukeheim, Ørstaheimen
- Frist 1.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
I tidsrommet juni til medio august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar ved fellesvaskeriet ved Ørstaheimen.
Det vert gjort fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
Som tilsett på vaskeriet må du ha stå-på vilje og tole høgt tempo. Jobben inneheld mykje fysisk arbeid og det kan vere tunge løft og mykje manuelt arbeid. Arbeidstida er på dagtid kvardagar innanfor tidsrommet 07 -16.
Kvalifikasjonar
- Til fellesvaskeriet søkjer deg som likar arbeid der du får brukt kroppen din og som er serviceinnstilt og løysingsorientert.
- Beherskar norsk munnleg godt.
- Ynskje om at du har relevant praksis /erfaring
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har ordenssans
- Du er engasjert og har godt humør
- Du ynskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til brukerane våre
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du møter mange nye menneske og får med deg ei god arbeidserfaring vidare i arbeidslivet. Om du ikkje bur i Ørsta, kjem du i tillegg til ei nynorskbygd i hjartet av Sunnmørsalpane med eit mangfald av flotte turmål.
Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP for dei tilsette. Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette,
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Informasjon til søkjaren:
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ønske om arbeidsstad.
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din.
Kontaktinformasjon
Grete Hagen Myklebust, Avdelingsleiar Solkroken, 479 06 593, grete.hagen.myklebust@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5058118160
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 09.08.2026
Søknadsfrist: 01.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445227094
- Sist endret
