Overlege i psykiatri
Helse Fonna HF
- Frist 22.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye overlege i psykiatri?
Som overlege hos oss vil du bli ein viktig del av eit tverrfagleg miljø som både forventar mykje av deg – og gir deg mykje tilbake.
I Psykosepoliklinikken møter du ein kvardag der fagleg tyngde, tett samarbeid og kontinuitet i behandling står sentralt. Vi dekkjer heile forløpet frå tidleg oppdaging av psykose til langvarig oppfølging av pasientar med kroniske psykosetilstandar. Poliklinikken har òg ansvar for oppfølging av pasientar som er underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i Haugaland DPS sitt opptaksområde.
Poliklinikken tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilnærmingar, inkludert medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, musikkterapi, IMR-grupper (Illness Management and Recovery) og livsmeistringsgrupper. Vi har både eit ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar. Psykosepoliklinikken er med i eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid og vi har blant anna eit eige utgreiingsteam med behandlerne i poliklinikken som arbeider med brei differensialdiagnostikk og tett samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.Verksemda er lokalisert i både Haugesund, og i Haugaland DPS sine lokaler i Kopervik.
Kva går jobben ut på?
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
- Tverrfaglig klinisk arbeid i team
- Rettleiing og internundervisning
- Moglegheit for deltaking i felles bakvaktsordning med Haugesund sykehus
- Deltaking i samhandling med pårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon
- Godkjent spesialisering i psykiatri
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er oppteken av god pasientbehandling
- er strukturert
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- trivst med å jobbe på tvers av fag og yrkesgrupper
- bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Kvifor skal du velje oss?
- Ein arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Kompetanseutvikling og vidareutdanning
- Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling
- Sterkt fagleg fellesskap kor kollegaer ser og tek vare på kvarandre i ein hektisk kvardag
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Diagnostikk
- Gjennomføre medisinsk behandlingsforløp
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Floraveien 75, 5535 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Overlege
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Overlege, psykiatri
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445064406
- Sist endret


