
Assistentstilling
Helse Bergen HF
- Frist 31.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Reinhaldsoperatør/ Assistent
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift-/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 750 medarbeidarar.
Hospitaldrift Reinhald er ei av desse einingane. Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Helse Bergen har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette.
Ved seksjon 4 har vi ledig 1 x 100% fast stilling og 1 x 80% fast stilling. Arbeidsstad vil vere i Bergen og omland, samt Haukelandsområdet. Reinhaldet skal utførast i lokasjonar for rus og psykiatri.
Er du ein roleg person med som likar å ha det reint rundt deg? Er du strukturert med eit vakent auge for detaljar? Er du ein som yter god sørvis og likar eit hektisk miljø? Då er du kanskje medarbeidaren vi søker.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald med mopp/maskin
- Reingjering av poliklinikkar, kontor, pasientrom, sanitærrom og fellesareal
- Smittereinhald
- Vaskerioppgåver
- Portørteneste
- Førefallande arbeid
- Gjennomføring av pålagde kurs
Kvalifikasjonar
- Vi søker personar over 18 år med interesse og praktisk erfaring frå reinhaldsfaget
- Må kunne nytte IKT verktøy
- Ha evne til å sjå samanheng mellom forbruk og økonomi
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
- Ønskeleg med førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, løysingsorientert og fleksibel
- Du er punktleg og ønsker å levere god kvalitet
- Du likar ein fysisk aktiv arbeidsdag
- Du er målbevisst, ryddig og systematisk
- Du har auge for detaljar og ser moglegheiter
- Du likar å bidra til eit godt arbeidsmiljø saman med ulike nasjonaliteter
- Du har gode samarbeidsevne og likar mennesker rundt deg
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø :-)
- Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- B2 norsk språkprøve
- Gulvbehandling
- Kunnskap om renhold
- Rengjøring av sykehus
- Vaskeritjeneste
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, Renovasjon og renhold
- Stillingsfunksjon: Renhold
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
renholder, assistent, renhold, sykehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 444779075
- Sist endret
