Jobb i helse og omsorg - open søknad
Helse og omsorg
- Frist 31.12.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du jobba med menneske?
I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss.
Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp/matvert i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda til og med 31.12.2026. Er du interessert i arbeid etter 2026, må du søkja på nytt.
Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell for vikararbeid.
Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/
Arbeidsoppgåver
- Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar
- Miljøarbeid
- Matvertar: Førebu, laga til, servera og delta i måltida
Du kan jobba som:
- Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
- Vernepleiar/vernepleiarstudent
- Helsefagarbeidar
- Pleiemedarbeidar
- Matvert - passar også for ungdomar 16-18 år
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Du er:
- Interessert i omsorgsarbeid og glad i å hjelpa andre
- Serviceinnstilt og engasjert
- Fleksibel og løysingsorientert
- Raus og inkluderande
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Meistrar norsk muntleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring vert gitt
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317
Anne Vestrheim, Personalkonsulent, +47 56 55 30 34
Arbeidsstad
Grovagjelet 165600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5058117717
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443848808
- Sist endret

