
Elektromontør Sterkstraum
Helse Bergen HF
- Frist 02.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Elektromontør Sterkstraum
Elektroseksjonen søker ein serviceinnstilt elektromontør sterkstraum til å bli med å halda oppe sikker straumforsyning til heile Haukeland sjukehus.
Ein av dei viktige seksjonane til Teknisk avdeling på Haukeland sjukehus treng ein serviceinnstilt elektromontør for å drifta sjukehuset. Elektrikarar speler ei viktig rolle i å halda oppe tryggleiken og funksjonaliteten til elektriske system, spesielt i sensitive omgivnadar i sjukehuset. Dei handterer installasjon, vedlikehald og reparasjon av samfunnkritiske system for å sikra at alt fungerer som det skal og at det er trygt for pasientar og tilsette.
Arbeidsstad for stillinga er Elektroseksjonen, som er ein av 10 seksjonar ved Teknisk avdeling. Elektroseksjonen sørgjer for at alle elektrotekniske installasjonar ved Helse Bergen er i god stand og verkar som planlagd til ein kvar tid. Det er 18 trivelege tilsette med høgt kompetansenivå og yrkesstoltheit ved seksjonen. Vi ser etter deg som har ei løysingsorientert tilnærming til oppgåver og utfordringar. Helse Bergen er ei høgteknologisk verksemd og vi ønsker at du trivast med samarbeid på tvers av faggrupper, i seksjonen og ved føretaket elles.
Viktige arbeidsoppgåver for elektroseksjonen er mellom anna drift av det elektriske anlegget på Haukeland sjukehus som inkluderer UPS-anlegg, nødstraumsanlegg, periodisk vedlikehald, nødlys, Gruppe 0,1 og 2 rom (medisinske område), brannalarmanlegg, samt kontroll i samband med overtaking av nybygg.
Haukeland sjukehus består av bygningar frå tidleg 1900-talet fram til hypermoderne bygg som mellom anna inneheld helikopterlandingsplass, hotell, barnehagar, medisinske område, operasjonsalar, smitteisolat med meir. Dette krev høg teknologisk kompetanse og kursing/kompetanseheving er dermed ein del av arbeidskvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Drift og vedlikehald av dei elektriske anlegga
- Assistere ved akutte hendingar
- Dagleg oppfølging av SD anlegg
- Drift og vedlikehald av lysanlegg og tilhøyrande styringssystem
- Service av elektrisk utstyr, kontroll/verifisering Gr 0, 1 og 2 rom
- Utføre internkontroll samt lukking av avvik
- Feilsøk og reparasjonar av elektrisk utstyr og mindre ombyggingar
- Kunne delta i vaktordning ved behov
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper når det trengs
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar (Gruppe L )
- Førarkort klasse B
- Det vil bli lagt vekt på relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
- Du held deg oppdatert på gjeldande lovar og forskrifter
- Kunne bruke PC som arbeidsverktøy
- Må meistre norsk (Bokmål eller Nynorsk) med god skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Evne å fagleg sette seg inn i Helse Bergen sine anlegg
- Kjennskap til el-installasjonar og kontrollar i medisinske område er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vi legg stor vekt på personleg egnethet for å sikre at den nye medarbeidaren passar godt inn i vårt eksisterende arbeidsmiljø
- Arbeide strukturert med klare mål
- Kundeorientert og serviceinnstilt i ditt arbeid
- Arbeide sjølvstendig og samstundes trivast i team
- Vere løysingsorientert med høg fokus på tryggleik
- Trivast i eit miljø kor ein vidareutviklar seg sjølv og sine kollegaer
- Kunne samarbeide med andre yrkesgrupper
- Teknisk interessert med spesiell interesse for elektrofaget
Vi tilbyr deg
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitid med betalt lunsjtid
- Haukeland Sykehus idrettslag med mange spennande aktiviteter.
- Kantine med tilsettrabatt
- Lønn ut i frå kompetanse og erfaring
- Tilsetting etter nærare avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Elektrisk installasjonsarbeid
- Elektriske installasjoner (drift og vedlikehold)
- Feilsøking og reparasjon av elektronisk utstyr
- Installasjon av elektriske anlegg
- Internkontroll
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Reparasjon av elektrisk utstyr
- Vedlikehold (elektrisk)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje: Drift og vedlikeholdstjenester, Eiendom, Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Driftsoperatør/vaktmester, Elektriker, Håndverker
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
UPS, Elektriker, Elektromontør, Internkontroll, Service
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443668723
- Sist endret