Tryggleiksmedarbeidar - i mellombels turnus
Bømlo kommune
- Frist 29.1.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Me søkjer fleire trygge og rolege personar som kan inngå i turnus som tryggleikspersonale i eit kommunalt tiltak. Arbeidet inneber å vera til stades, førebyggja og handtera krevjande situasjonar på ein forsvarleg måte, i tett samarbeid med tenesta sitt ordinære personale. Oppdraget krev at du er robust, samarbeidsorientert og trygg i møte med uføreseielege situasjonar.
Send kort søknad og CV snarast. Oppgje når du kan starta. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta løpande.
Arbeidsoppgåver
- Tryggleiksvakt i turnus (dag/kveld/natt/helg)
- Ro- og ordensskapande tiltak med vekt på de-eskalering og kommunikasjon
- Samarbeid med faste tilsette
- Dokumentasjon og avviksmelding etter rutinar
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå tryggleiksarbeid, helse/omsorg, rus/psykiatri eller liknande
- Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er roleg og har relasjonskompetent
- Du er ein lagspelar
- Du er etisk medviten
Me oppmodar særleg menn til å søkja.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Turnus med tillegg etter gjeldande avtaleverk
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Ann Heidi Mathisen.
Kontaktinformasjon
Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar, 457 20 536, Ann.Heidi.Mathisen@bomlo.kommune.noMonica Smedsrud, Verksemdsleiar, 404 85 607
Arbeidsstad
Teigland 15440 Moster
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5057854350
Stillingsprosent: 100%
Mellombels
Startdato: 05.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443584968
- Sist endret


