Songpedagog - 15 - 18 % vikariat - Alver kulturskule
Alver kommune
- Frist 05.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vikariat som songpedagog!
Om stillinga
Alver kulturskule har ledig 15 -18 % vikariat som songpedagog i perioden 01.01.2026 - 31.07.2026.
Stillinga har undervisning i Knarvik i kulturskulebygget i vårsemesteret 2026.
I haustsemesteret har dei fleste elevane hatt undervisning onsdagar. Undervisningstida er etter grunnskuletid. Den som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule.
Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast.
I stillinga som songpedagog har ein møter med faggruppa i song på dagtid i løpet av semesteret.
Om Alver kulturskule
Kulturskulen i Alver er ein viktig del av kulturlivet i kommunen og har eit personale med svært høg kunstfagleg og pedagogisk kompetanse. Kulturskulen har i dag om lag 750 elevplassar innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst og er ein samarbeidspart for dei ti skulekorpsa i kommunen. Undervisninga er desentralisert, men hovuddelen av undervisninga vår finn stad på Manger, Frekhaug og i Knarvik og finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
- Deltaking i felles kulturskuleprosjekt med konsertar og framsyningar både lokalt og regionalt.
- Samspel!
Ønskt kompetanse
Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning med song som hovudinstrument.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.
Me tilbyr
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, undervisning og song
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning i KLP
- Eit rikt fagmiljø
- Gratis parkering
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Nynorsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har me eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Musikk
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443520453
- Sist endret
