Er du ein lagspelar og ynskjer å jobbe i eit tverrfagleg miljø? Bli med oss som elektroingeniør i Ulstein Verft
Ulstein Verft AS
- Frist 1.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein lagspelar, og ynskjer å jobbe i eit tverrfagleg miljø med dyktige og utviklingsorienterte kollegar? Bli med oss som elektroingeniør i Ulstein Verft.
Ulstein Verft si konstruksjonsavdeling har ein nøkkelposisjon i bedrifta og har tilsette med brei erfaring og høgt kompetansenivå innan fagområda elektro, maskin, skrog, stålutrustning og innreiing. Du vil verte ein del at eit kjekt og dyktig team som skaper kreative og gode løysingar.
Elektroavdelinga har per i dag 10 tilsette og vi søkjer deg som primært har kunnskap innan eit eller fleire av fagfelta automasjon, brusystem, kraftsystem, 3D modellering, datanettverk og systemintegrasjon.
Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg, så ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava.
Vi søker etter ein elektroingeniør i fast tilsetting og ein i vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Konstruksjon og kalkulering av dei respektive skipssystema og utarbeide produksjonsgrunnlag
- Saksbehandling mot klasse, myndigheiter, underleverandørar og kundar
- Teknisk støtte i innkjøps- og produksjonsrelaterte saker
- Fagleg ansvarleg og ressursstyring i prosjekt vil kunne vere aktuelt i periodar
- Fagperson i avdelinga innan din spesialkunnskap
For rette vedkomande, kunne ta rolla som disiplinleiar for fagområdet elektro i prosjekta
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå skipsbygging eller maritime installasjonar innan fagfelta:
- Automasjon
- Power/ Kraftsystem
- 3D (Revit/ Cadmatic)
- Bru; Navigasjon, Kommunikasjon
- Datanettverk /Cyber Security)
- Systemintegrasjon
- Du må kunne kommunisere godt på norsk og engelsk
- Teknisk fagskule eller bachelor innan relevante fagområde
- Relevant erfaring, som elektrikar med skipsbyggjarkompetanse, kan kompensere for manglande formell utdanning.
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig og fagleg engasjert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Effektiv og nøyaktig
- Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
- Eit multidisiplinært fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjons- og gode forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Geir Øvrelid, Department Manager, Electrical and Accommodation Engineering, +47 950 71 872Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 5054965161
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 01.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 443093265
- Sist endret


