Avdelingsleiar - Miljøpåbygg
Nomek As
- Frist 15.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Du treng ikkje vite alt, men du bør vere handlekraftig, strukturert og ha eit auge for detaljar. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og du trør til når det trengs. Her er det ikkje alltid eit fasitsvar, så vi leitar etter deg som likar å løyse problem -- på lag med andre.
Vi håpar du har, men har trua på at alt kan læras:
-
Teknisk bakgrunn, gjerne med erfaring frå produksjonsmiljø.
-
Komfortabel med IT, og gjerne erfaring med ERP-system (eller motivert til å lære det).
-
Evne til å kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Og eit pluss om du er:
-
Engasjert og initiativrik -- du ser kva som må gjerast og går for det.
-
Strukturert og systematisk -- kaos er ikkje din greie.
-
Løysingsorientert -- du ser moglegheiter i staden for hindringar.
-
God på å samarbeide og å byggje tillit -- her løftar vi i lag.
Arbeidsoppgaver
Som produksjonsleiar får du ei sentral rolle i kvardagen vår. Du blir limet mellom kontor og verkstad, mellom plan og praksis. Du skal sikre at produksjonen flyt, at folk har det dei treng, og at prosessane er så smidige som mogleg. Du jobbar tett med folk på verkstadgolvet, følgjer opp undervegs -- og tek tak når noko ikkje går som planlagt.
Kort sagt: Du blir den som får ting til å skje.
Oppgåvene dine vil omfatte:
-
Følgje opp produksjonsplan frå start til slutt.
-
Sørgje for at rette ressursar er på rett plass til rett tid.
-
Jobbe tett saman med andre i produksjonsleiinga og medarbeidarar i produksjonen.
-
Ha personalansvar og bidra til ein trygg og effektiv kvardag på verkstadgolvet.
-
Bruke IT/ERP-system for å halde oversikt, struktur og framdrift.
Vi tilbyr
Kvifor velje Nomek?
Fordi du ønskjer meir enn berre ein jobb. Du ønskjer eit arbeidsmiljø der folk ser kvarandre, hjelper kvarandre og feirar suksessane saman. Her får du vere med på ei reise i ei bedrift som aldri står stille. Du får utfordringar du veks med, og moglegheiter til å utvikle deg. Du blir ikkje berre ein del av ei bedrift -- du blir ein del av eit fellesskap.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442965085
- Sist endret
