Fast helgestilling på natt
Psykiatrisk akuttmottak (PAM)/ PAM2, Helse Bergen HF
- Frist 6.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.
Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter endt opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.
Ved PAM har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM2 er ein lukka post med 9 sengeplassar i kvar etg. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Vi har no ledig fast helgestilling på natt.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta kvar enkelt pasient
- Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling
- Planlegge og sette i verk miljøtiltak
- Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving
- Pårørandearbeid
- Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
- For sjukepleiar/ vernepleiar/ helsefagarbeidar er det krav om norsk autorisasjon
- Studentar innan helsefag
- Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, så som evne til samarbeid
- Ansvarsbevisst
- Interesse for sjukepleie som fag
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Pasientorientert
- Gode kommunikasjonseevner
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anja Marie Engh, Seksjonsleiar, 55956412Vemund Lægreid Grønstøl, Assisterande seksjonsleiar, 55956460
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5056678867
Stillingsprosent: 30%
Fast
Startdato: 23.03.2026
Søknadsfrist: 06.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442962000
- Sist endret

