Prosjektleiar Fritidsklubbløftet
Dovre Kommune
- Frist 18.1.2026
- Ansettelsesform Prosjekt
Dovre kommune er éi av tre pilotkommunar i det nasjonale Fritidsklubbløftet. No treng vi ein prosjektleiar!
Saman med Ungdom og Fritid og Gjensidigestiftelsen skal vi skape ein heilt ny møtestad for og med ungdom i Dovre. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å utvikle framtidas fritidsklubbar -- både lokalt og nasjonalt. Prosjektet skal styrke fritidsklubbane som inkluderande møteplassar for ungdom, og utvikle kunnskap, kvalitet og kompetanse som kan brukast nasjonalt. Vi ser etter deg som brenn for at ungdom skal ha gode tilbod og trygge sosiale arenaar.
Stillingstype: 100 % prosjektstilling
Varigheit: Inntil 3 år
Arbeidsstad: Dovre kommune
Om prosjektet
Nasjonalt skal Fritidsklubbløftet dokumentere verdien av fritidsklubbar, utvikle kunnskap og kvalitetskriterium, og teste tiltak som gjev betre og meir treffsikre tilbod før desse blir rulla ut nasjonalt. Forskarar frå OsloMet er med på laget. Lokalt skal vi etablere ein ny fritidsklubb, heve kompetansen hjå tilsette og andre, og utvikle fritidsklubben til eit ressurssenter i lokalsamfunnet. For meir informasjon om prosjektet, sjå Ungdom og Fritid her og meld deg på nyheitsbrevet her.
Om rolla
Som prosjektleiar vil du ha ei nøkkelrolle i det nasjonale pilotprosjektet. Du har det lokale hovudansvaret for å leie og samordne tiltaka som skal testast, koordinere arbeidet med følgjeforskinga, og fungere som eit sentralt bindeledd mellom kommunen, fritidsklubben, forskarane frå OsloMet og organisasjonen Ungdom og Fritid. Du vil jobbe tett med ungdomskontakten og andre som jobbar med barn og unge i kommunen.
Arbeidsoppgåver
-
Bidra til å etablere ny fritidsklubb og sikre gode medverknadsprosessar med barn og unge.
-
Ha ansvar for ungdomsmedverknad for prosjektet i samarbeid med ungdomskontakt.
-
Dokumentere og rapportere erfaringar, resultat og utfordringar til Ungdom og Fritid.
-
Søke driftstilskot til fritidsklubben og kommunen frå Ungdom og Fritid. Sikre korrekt bruk og rapportering i samarbeid med ungdomskontakt m.fl.
-
Leggje til rette for samarbeid med relevante aktørar i lokalsamfunnet, som t.d. lag og foreiningar.
-
Legge til rette for godt samarbeid mellom politisk og administrativ leiing og andre relevante tenester.
-
Arrangere lokale samlingar for ungdom, tilsette og samarbeidspartnarar.
-
Bidra til innhenting av kunnskap og gi løpande status frå fritidsklubben.
-
Samarbeide med forskarteamet. Kartleggje erfaringar frå ungdom og tilsette.
-
Sikre at fritidsklubben jobbar systematisk med kvalitetsløft.
-
Lage ein plan for vidareføring av tiltaka etter endt prosjektperiode i samråd med Ungdom og Fritid.
-
Delta på nasjonale samlingar, kurs og rettleiingsmøte.
Kvalifikasjonar
-
Relevant høgare utdanning (t.d. innan kultur, ungdomsarbeid, pedagogikk eller prosjektleiing).
-
Erfaring frå arbeid med ungdom, kultur- eller fritidstilbod.
Ønska kvalifikasjonar
-
Prosjektleiarerfaring og evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
-
Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
-
Erfaring med tverrfagleg samarbeid.
-
Kjennskap til ungdomsmiljøet eller lokalmiljøet i Dovre er ein fordel.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Attestar og vitnemål
Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tek med til eit eventuelt intervju.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsettingsvilkår
Vi tilbyr deg eit spennande, tverrfagleg og utviklande arbeidsområde, løn etter avtale/tariff og pensjonsordning i KLP. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte Anne Marte Amble på tlf. 47515829 eller e-post: Anne.Marte.Amble@dovre.kommune.no
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442867388
- Sist endret