Seksjonsleiar Støttetenester
Voss sjukehus, Helse Bergen HF
- Frist 12.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer seksjonsleiar til ei sentral rolle i sjukehusdrifta
Voss sjukehus eit lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde- og gynekologi. Me er stolt leverandør av spesialisthelsetenester til 31000 innbyggjarar - i tillegg til at me samhandlar tett med Haukeland universitetssjukehus.
Støttetenester, som består av reinhald, innkjøp og portørteneste - er avgjerande for sjukehuset si drift. Desse funksjonane sikrar mellom anna at pasientane møter eit reint sjukehus, at seksjonane får utstyr og materiell og at pasientflyt og logistikk fungerer i ein travel kvardag. Som seksjonsleiar vert du del av eit engasjert lag på 26 medarbeidarar som jobbar tett på både pasientar og helsepersonell og som bidreg til at behandlinga kan gå smidig og effektivt. I tett samarbeid med andre leiarar ved sjukehuset får du ei særleg strategisk rolle i å utvikle kompetanse og arbeidsformer som sikrar at rett kompetanse løyser rett oppgåve til rett tid.
Les meir om Voss sjukehus på heimesida.
Voss er mellom anna kjent for spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Er du glad i friluftsaktivitetar eller eit variert kulturtilbod så finn du det berre nokre steinkast frå sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Samla ansvar for drift-, personal og økonomi for seksjonen - etter gjeldande fullmakter
- Fastsetje mål og styre utvikling
- Bidra aktivt i utvida leiargruppe
- Sikre kompetanseutvikling og eit godt læringsmiljø for tilsette, studentar, lærlingar og elevar
- Legge til rette for nytenking
- Legge til rette for god ressursbruk, oppgåvefordeling og tverrfagleg samarbeid
- Fremje godt samarbeid internt og eksternt
Kvalifikasjonar
Ynskje om
- Relevant leiarutdanning
- Leiarerfaring, særleg innan strategisk leiing
- Erfaring med endrings- og utviklingsprosessar
Krav om
- God IKT-kompetanse
- Meistre norsk munnleg og skriftleg godt
Personlege eigenskapar
Du må...
- ha evne til å ta eigarskap til heile leiarrolla og leiaransvaret for eigen seksjon
- vere lojal mot beslutningar som vert fatta i leiargruppa
- ha god organisasjonsforståing
- ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og bidra til gode relasjonar i eiga eining, på tvers av faggrupper og nivå i organisasjonen
- kunne jobbe systematisk og strategisk
- vere trygg i beslutningar og gjennomføring av desse
- vere fleksibel i møte med oppgåver
- kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- vere resultatorientert
- vere positiv og ha evne til å engasjere og involvere tilsette
Me tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Me oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Birger Norderud Lærum, Direktør, +47 90065938, birger.norderud.lerum@helse-bergen.noGunn Iren Hovda Engvold, Assisterande direktør, +47 41694311, gunn.iren.hovda.engvold@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 VOSS
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5052101474
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442859160
- Sist endret


