Klinikkoverlege ved Barne- og ungdomsklinikken
Helse Bergen HF
- Frist 18.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å forme framtidas pediatritenester – og vidareutvikle eit sterkt fagmiljø med høge ambisjonar?
Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus søker ein fagleg tydeleg og samlande klinikkoverlege som skal vere sentral i å sette retning for pediatrien framover. Du blir ein viktig pådrivar for å utvikle overlegane både fagleg og profesjonelt, samtidig som du ivaretar eit heilskapleg ansvar for drift, kvalitet og kompetanse.
Klinikkoverlegen er ein del av klinikkens leiargruppe (nivå 3) og rapporterer direkte til klinikkdirektør. Klinikkoverlegane er også stadfortredarar for kvarandre og for klinikkdirektør ved behov. Vi har to sideordna klinikkoverlegar – ein for overlegane og ein for LIS/legespesialistar. Denne stillinga omfattar ansvaret for overlegane, og utgjer 50% administrativ og fagleg leiing og 50% klinisk arbeid i eit av landets mest spennande barne- og ungdomsmiljø.
Barne- og ungdomsklinikken er inne i ei utviklingsfase, og vi kan i denne prosessen også vurdere fordelinga av klinikkoverlegefunksjonane mellom ny søkar og den andre klinikkoverlegen som per i dag har ansvar for LIS og legespesialistar. Det betyr at vi kan rekruttere til begge delar av klinikkoverlegestillingane (overlegar/ LIS og legespesialistar) i denne prosessen. Vi oppmodar derfor både erfarne overlegar og yngre kollegaer med leiarambisjonar til å søke. Dersom du har motivasjon for leiarskap og eit sterkt fagleg engasjement for pediatri, vil vi svært gjerne vurdere deg – også om du primært er interessert i klinikkoverlegefunksjonen for LIS og legespesialistar.
Dette er ein unik moglegheit for deg som vil kombinere klinikk, leiing og fagutvikling – og som ønsker å bidra til eit trygt, kompetent og framtidsretta barne- og ungdomssjukehus.
Arbeidsoppgåver
Fagleg leiarskap og utvikling:
- Overordna medisinsk-fagleg ansvar for klinikkens overlegar og kliniske verksemd, i tett samarbeid med klinikkens andre klinikkoverlege og seksjonsoverlegane
- Vere ein fagleg rettesnor i klinikken og bidra til retning, prioriteringar og utvikling av pediatrifaget
- Sikre høg kvalitet i pasientforløp, diagnostikk, behandling og oppdaterte rutinar og prosedyrar
- Stimulere til forsking, fagutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid
- Bidra til utvikling, rettleiing og oppfølging av overlegane – og sikre god kompetanseplanlegging på tvers av klinikken
Strategisk og organisatorisk leiing:
- Medansvar for klinikken sine mål, resultat og drift
- Rekruttering, fordeling og organisering av legeressursar på tvers av seksjonar
- Samhandling med seksjonsleiarar, leiargruppa og andre klinikkar i og utanfor føretaket
- Bidra til gode strukturar, robuste prosessar og samspel mellom profesjonane, og inn i eit godt trepartsamarbeid
- Arbeide systematisk med HMS og sikre eit trygt og godt psykososialt arbeidsmiljø
Klinisk arbeid:
- 50% klinisk verksemd i Barne- og ungdomsklinikken, med bidrag inn i pasientbehandling, pasientforløp og fagleg oppfølging
- Aktiv deltaking i undervisning og opplæring av kollegaer og studentar
Kvalifikasjonar
- Medisinsk embetseksamen og spesialist i pediatri
- Norsk autorisasjon
- Leiarerfaring eller leiarutdanning er ein fordel
- Erfaring med undervisning, opplæring og kompetanseutvikling er ein fordel
- Erfaring i kvalitetsarbeid og forbetringsmetodikk er ein fordel
- Forskingskompetanse (PhD) eller erfaring frå samarbeid med universitet/høgskular er ein fordel
- Kjennskap til spesialisthelsetenesta
- Ved tilsetting er det krav om godkjent politiattest
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er samlande og god til å kommunisere – både internt og eksternt
- Bygger relasjonar, lagarbeid og ein kultur der folk trivst og utviklar seg
- Har evne til å motivere, inspirere og utvikle medarbeidarar
- Har trygg fagleg dømmekraft og god forståing for leiarskap
- Har gjennomføringsevne og blikk for heilskap
- Er strukturert, fleksibel og opptatt av gode løysingar
- Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og meiningsfull leiarstilling i eit stort og fagleg sterkt barne- og ungdomssjukehus
- Moglegheita til å påverke retning, fagutvikling og kvalitet i framtidas pediatritenester
- Eit ambisiøst, inkluderande og tverrfagleg leiarteam
- Stor offentleg interesse og høg fagleg kompleksitet
- Lønn etter avtale
Ønsker du eit leiaroppdrag som kombinerer klinikk, fag og strategisk utvikling – og der du verkeleg får moglegheit til å påverke framtida for barn og unge? Då håpar vi å høyre frå deg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Maria Vollsæter, Klinikkdirektør, 48068282Arbeidsstad
Haukelandsbakken 15021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5055979000
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442562756
- Sist endret
