Psykiater
Poliklinikk psykisk helse DPS Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 11.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi lyser ut ei ledig fast psykiaterstilling og søker ein engasjert medarbeidar som vil bidra til å vidareutvikle tilbodet vårt ved DPS poliklinikk for psykisk helsevern i Ålesund!
Poliklinikken består av sju behandlarteam. Eit gruppebehandlingsteam, eit ROP team og fire til dels spissa allmennteam. Vi har også eit nyoppretta Tidleg Avklaringsteam som møter pasientar tidleg etter henvisning og tilbyr fleksibel oppfølging i etterkant. Allmennteama våre består av to generalistteam, eit traumeteam og eit nevropsykiatrisk team. Vi har stor bredde innan behandlingstilnærmingar. I haust starta vi prosessen med å utvide tilbodet vårt med B4DT (fire dagers behandling for angstlidingar). Poliklinikkane innan psykisk helsevern i Helse Møre og Romsdal, har dei siste ni månadane prøvd ut Kunstig Intelligens til hjelp i journalskriving. Med gode erfaringar. Vi har 15 spesialistar innan psykologi og psykiatri, der 6 er spesialistar i psykiatri. VI har i tillegg to LIS legar i rotasjon i poliklinikken.
Som overlege vil ein i hovudsak vere knytta til eit team, samstundes som ein deltek i poliklinikkens ansvar for rettleiing av LIS legar og inntaksarbeid i samarbeid med andre spesialistar.
Stillinga er i eit allmennteam.
Arbeidsoppgåver
- Utredning, diagnostisering og behandling av menneske med psykiske lidingar
- Deltaking i inntaksarbeid, i samarbeid med andre spesialistar
- Deltaking i tverrfaglege behandlingsmøter
- Medisinvurderingar av teamets pasientar ved behov
- Samarbeid med medarbeidarar i poliklinikken og øvrige einingar i DPS
- Deltaking i klinikken si vaktordning og oppfølging av pasientar på TUD
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og inneha norsk autorisasjon som psykiater
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå poliklinisk arbeid
- LIS kan òg søkje dersom det er mindre enn 6 mnd til forventa sluttført utdanning
Personlege eigenskapar
- Du har ei positiv innstilling til nye arbeidsformer innan psykiatri/ psykisk helsevern
- Du har evne til å sette pasienten sitt behov i fokus
- Du er fleksibilitet kring arbeidsoppgåver
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Personleg egnaheit vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Eit fagmiljø som vil utvikle framtidas helseteneste
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Håvard Helgesen, Seksjonsleiar, havard.helgesen@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5048829812
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442524428
- Sist endret
