Tilkallingsvikar fagarbeidar og assistent i skule/SFO
Volda kommune, Avdeling skule
- Frist 19.6.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Volda kommune treng til ei kvar tid fagarbeidarar og assistentar som kan tenke seg å vere tilkallingsvikar i Voldaskulen. Denne utlysinga gjeld for skuleåret 2025/2026.
Denne utlysinga er ikkje knytt til ei spesifikk stilling, men ei liste over søkjarar som kan vere tilkallingsvikarar i Voldaskulen.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar må du ha høve til å stille opp på kort varsel. Arbeidsoppgåvene kan vere å støtte elevane i deira læringsarbeid, i samarbeid med lærarane, oppfølging av enkelt elevar og gjennomføre aktivitetar i SFO.
Tilkallingsvikarar vert tilsett med arbeidsavtale i kortare eller lengre periode. Stillingsstorleik kan variere etter behov.
Det er rektor ved den einskilde skule, som gjer avtale med tilkallingsvikar. Referansar kan verte kontakta.
Aktuelle skular:
Bratteberg skule (1.-7.trinn): 70 05 87 85/ 478 65 060
Dalsfjord skule (1.-10.trinn): 958 39 749
Folkestad skule (1.-10.trinn): 480 36 232
Hornindal skule (1.-10.trinn): 402 04 366
Mork skule (1.-7.trinn): 990 01 393
Volda ungdomsskule (8.-10.trinn): 70 07 42 20/ 975 30 623
Øyra skule (1.-7.trinn): 70 07 43 00/ 907 96 096
Kvalifikasjonar
I nokre av stillingane er det ønskeleg med godkjent fagbrev som barne -og ungdomsarbeidar. Det kan og verte aktuelt med fagbrev innan helsefag.
Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til vikarstilling.
Det vert stilt krav om gyldig politiattest ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
Saman med utdanning og praksis, vil personlege eigenskapar verte vektlagde.
Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og løn. Vi ber om at søkarar legg desse dokumenta inn i Webcruiter ved oppretting av brukar der.
Vi tilbyr
Arbeidsavtale og vilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.Kontaktinformasjon
Line Homberset, fagkonsulent oppvekst, 70058870, line.homberset@volda.kommune.noArbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5055434966
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 19.06.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442403947
- Sist endret
