Miljøterapeut/Helsefagarbeider
Akutt psykisk helse Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 4.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å vidareutvikle seksjonen vår ved Akutt psykisk helse Sunnmøre?
Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledig to faste 80% stillingar, ei stilling som helsefagarbeidar og ei stilling som miljøterapeut. For tida er stillingane i to-delt turnus (dag/ kveld) og arbeid kvar tredje helg. Oppstart etter avtale.
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld 5 seksjonar: Sikkerhetspsykiatri, Almennpsykiatrisk , Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Akutt psykisk helse Sunnmøre har 10 sengeplassar og 4 intensivplasser/skjermingsrom. Seksjonen tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med fyrstelinetenesta. Ved Akutt psykisk helse Sunnmøre arbeidar vi tverrfagleg i team som består av psykiater, psykolog, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrer
- Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)
- Miljøterapi og oppfølging retta mot akutt psykisk sjuke pasientar
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfaglege utdanning
- Helsefagarbeidar med autorisasjon
- Erfaring frå akuttpsykiatri er ein fordel
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er god på samarbeid og kommunikasjon
- Du er god på å skape allianse med pasientane
- Du arbeidar sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
- Du må vere fysisk og mentalt rusta til å handtere utagerande pasientar
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Andreas Trædal, Seksjonsleiar, andreas.traedal@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5051971968
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442402893
- Sist endret
