Rådgivar – folkehelse, vikariat
Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 12.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Er du opptatt av folkehelse, livskvalitet og samfunnsutvikling? Då kan dette vere erfaringa for deg!
Vi søker etter rådgivar i eit 100 % vikariat i perioden frå 1.5.26 til 1.4.27 som skal jobbe innan folkehelse og samfunnsutvikling.
Fylkeskommunen har eit lovpålagt ansvar for å fremme helse og livskvalitet gjennom planlegging, forvalting og tenesteyting, jf. folkehelselova §§ 20 og 21. Dette innebærer å utarbeide oversikt over helsetilstanden i befolkninga, støtte kommunane sitt folkehelsearbeid og bidra til samordning og strategisk utvikling på regionalt nivå.
Ein av våre tilsette skal ut i permisjon – er du den som kan steppe inn i eit spennande vikariat?
Møre og Romsdal fylkeskommune har kontorstader både i Kristiansund, Molde og Ålesund og vi legg vekt på fleksibilitet for våre tilsette. Teamet som jobbar innan folkehelse har kontorstad Molde, og vi ønsker derfor at du er mykje til stades i Molde, men du kan også jobbe på dei andre lokasjonane våre.
Arbeidsoppgåver
- Være pådrivar for, og samordne folkehelsearbeidet i fylket
- Formidle og stimulere til kunnskapsbaserte folkehelsetiltak
- Rådgi og rettleie kommunar og andre samarbeidsaktørar i folkehelsearbeidet på tvers av fagfelt
- Oppdatere og presentere oversikt over folkehelsa i fylket
- Være ansvarleg for å planlegge fylkeshelseundersøkinga (FHUS) som skal gjennomførast i 2027
- Bidra inn i Samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge
- Saksbehandling og tilskotsforvaltning
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan folkehelse, førebygging, helsefremming eller planlegging
- Erfaring med arbeid innan folkehelse og/eller planlegging og analyse
Ønskeleg:
- God kunnskap og interesse om offentleg forvaltning og fylkeskommunens rolle som samfunnsutviklar
- Erfaring frå prosjekt-, formidlings- og utviklingsarbeid
- Evne til å sjå heilskap og samarbeid på tvers av fagfelt
- Erfaring frå utgreiingsarbeid
Personlege eigenskapar
- Positiv og engasjert, ein pådrivar og dyktig på nettverksarbeid, samarbeid og relasjonsbygging
- Evne til å planlegge, prioritere og arbeide sjølvstendig og strukturert
- Løysingsorientert, nøyaktig og har gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling med varierte arbeidsoppgåver
- eit spennande arbeidsmiljø over heile fylket med kollegaer med eit mangfald av utdanning og kompetanse
- god tilgang til fagleg nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP)
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Christine Reitan, Ass. Kulturdirektør, 90998268Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5050285954
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 12.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442172297
- Sist endret
