Helsesekretær
Gastroenterologisk poliklinikk, Haugesund Sjukehus
- Frist 31.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig ei sekretærstilling i Medisin Avdeling A. Avdelinga består av Gastro/Nyre medisinsk sengepost, Dialysen og Gastroenterologisk poliklinikk. Det daglege arbeidet vil vere forankra til gastroenterologisk poliklinikk, men ved behov må ein rekne med å hjelpe til på dei andre einingane i avdelinga.
Vi er ein triveleg arbeidsplass, med høgt arbeidstempo. Vi har fagleg dyktige medarbeidarar med stort engasjement og eit hjerte for faget. I tillegg til poliklinikk, behandlar vi også innlagte pasientar. Vi har sjukepleiardreven poliklinikk innanfor IBD og Hepatitt C behandling. Arbeidsoppgåvene er mange, og utfordringane forskjellige.
Vikariatet er 1 år, med moglegheit for forlenging. Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Telefon og skrankefunksjon
- Tildeling av timar, avbestille/flytte program
- Klargjere lister/program til påfølgjande dag
- Hente/sortere post
- Besvare dialogmeldinger frå pasientar og beskjedar frå anna personell
- Føre statistikk over fristbrudd samt langtidsventande
- Sperre av nødvendig antall timer til pakkeforløp, i tett samarbeid med kirurgisk poliklinikk
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert helsesekretær, erfaring kan kompensera for manglane utdanning
- Erfaring frå poliklinisk arbeid
- Kjennskap til DIPS
- Gode datakunnskapar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter, må beherske Norsk munnleg og skriftlig
Kva ser vi etter hos deg?
- Strukturert og ryddig
- Tåle stort arbeidspress
- Omgjengeleg og positiv
- Sjølvstendig og fleksibel
- Serviceinnstilt og nøyaktig
- Nytenkjande og engasjert
Kvifor skal du velje oss?
- Medlemskap i pensjonsordning KLP
- Triveleg arbeidsmiljø
- Spennande fagfelt med høgt fagleg nivå
- Faglig og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Jeanette Pedersen, Avdelingsleiar, +47 4795868350Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5054675621
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 31.12.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442172023
- Sist endret