Vikariat PP-rådgiver
Nome og Midt-Telemark PPT
- Frist 5.1.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Midtre Telemark Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) er ein interkommunal teneste som dekker kommunane Midt-Telemark, Nome og Seljord. Kontoret er lokalisert på Gvarv i Midt-Telemark kommune og har 12 tilsette.
Pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) har som mål å bidra til at barn, unge og vaksne med særskilde behov sikras gode opplærings- og utviklingsmogleghetar. PPT skal samarbeide med og støtte barnehagar og skular i det forebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til barn og elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. PPT skal støtte og rettleie i å greie ut om behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidlig som muleg når det trengst. Tjenesta skal også hjelpe til med kompetanseheving og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande som mogleg. PPT er kommunens sakkyndige instans ved vurderingar av spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelagt opplæring.
Arbeidsoppgåver
Vil du vere med og styrke det førebyggjande arbeidet i grunnskulen? PPT søkjer ny medarbeidar!
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) har ei viktig rolle i å støtte elevar med behov for tilrettelegging, og i å bidra til utvikling av inkluderande læringsmiljø i grunnskulen. Vi søkjer no ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til eit års vikariat som ønskjer å jobbe systemretta, førebyggjande og med fokus på rettleiing. Ønska oppstart i stillinga er medio mars 2026.
Stillinga er knytt til grunnskulen med hovedansvar for ungdomstrinn og Forberedande opplæring for vaksne (FOV). Som del av stillinga er ein kontaktperson på faste einingar og jobbar med forebygjande og utviklande arbeid, samt med sakkyndighetsarbeid for enkeltelevar. Stillinga skal også ha eit særleg fokus på fraværsproblematikk og oppfølging av spesifikke tiltak slik som kommunalt nærværsteam og prosjektet "Sammen om elevene" i samarbeid med med kulturskulen.
Arbeidsoppgåver vil vere:
- Bidra til utvikling av inkluderande og trygge læringsmiljø i grunnskulen gjennom systemretta arbeid
- Rettleie lærarar og skuleleiarar i arbeid med tilrettelegging, klasseleiing og tidleg innsats
- Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskapleg oppfølging av elevar
- Utgreiing av elevar med lærevanskar
- Utarbeide sakkunnige vurderingar ved behov
- Bidra til kompetanseheving og utviklingsarbeid i skular og i tenesta
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Profesjonsstudium/hovedfag/mastergrad i relevante fag som psykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk eller tilsvarande. Relevant erfaring kan i enkelte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- Har erfaring frå arbeid i skule eller PPT
Sertifisering innen Wechslertestene vil vere ein fordel, men er ikkje eit krav for tilsetting.
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Opplæringsloven § 17-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Førarkort kl. B
- Det vil vere en fordel å disponere bil
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som:
- Har engasjement for førebyggjande arbeid og tidleg innsats i skule
- Har god kompetanse i rettleiing og ønskjer å styrkje kollegaer og samarbeidspartnarar
- Er trygg i møte med barn, unge og føresette, og har evne til å skape tillit
- Er fagleg oppdatert og nysgjerrig på utvikling innan pedagogikk og psykolog
- Har gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevner
- Er proaktiv og ansvarsbevisst
- Har høy arbeidskapasitet
- Er ryddig, strukturert og sjølvstendig
Personleg eignahet vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med moglegheit for fagleg utvikling
- Eit fagmiljø med høg kompetanse og fokus på samarbeid og refleksjon
- Fleksibel arbeidstid
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Ida Elisabeth Welta Myrene, Einingsleiar, +47 97028117Arbeidsstad
Torkild Gunnheims veg 33810 Gvarv
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5043089422
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 05.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442096354
- Sist endret

