Reinhaldsoperatør/Reinhaldar
Drift- /teknisk divisjon/ Reinhald seksjon 6, Helse Bergen HF
- Frist 28.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Hospitaldrift Reinhald har ledig 100% fast stilling som Reinhaldsoperatør/Reinhaldar med oppstart snarast.
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift.
Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.
Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.
Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene vil bestå i regelmessig reinhald, spesialreinhald av ulike lokale og andre reinhaldsrelaterte oppgåver
- Arbeidstid: Turnus, kvar 3. helg
Kvalifikasjonar
- Det er ikkje krav til fagbrev, men søkarar med dette er av stor interesse
- Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
- Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene
- Det vil bli lagt vekt på personleg egnetheit
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt
- Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team
- Må kunne følge, og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
- Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø
- God fysisk helse til å kunne jobbe med eit praktisk og fysisk arbeid
Vi tilbyr
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Interne kurs- og utviklingsmoglegheiter
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Full opplæring i forhold til arbeidsoppgåvane
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Veldreven organisasjon med eit godt arbeidsmiljø
- Ein kultur der vi støttar kvandre og der vi ser ulikheiter som noko positivt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Katarzyna Ogrodnik, Konsulent, 96819243Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5053470156
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.12.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442036384
- Sist endret

