Sommarvikarar dagsenter for heimebuande personar med demens
Førebygging og meistring, Ålesund kommune
- Frist 12.4.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Assistent/fagarbeidar ved våre dagtilbod for heimebuande personar med demens. Vi har tilbod på Sanitetshjemmet, Hatlahaugen, Skarbøvika, Borgundheimen og Borgundgavla. For meir informasjon sjå https://alesund.kommune.no/helse-og-omsorg/dagtilbod-og-aktivitetar/dagtilbod-til-personar-med-demens
Fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid på dagsenter som skal bidra til meistring, gode opplevingar og auka livskvalitet for brukarane. Dette kan vere ulike hobbyaktivitetar og gjeremål, å vere sosial, gå på tur og trim.
- Bidra til meiningsfulle og gode aktivitetar på dagsenteret.
- Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Vi søker deg som er under utdanning, eller av andre grunnar har mulegheit for å arbeide om sommaren. Vi har ulike alternativ: du kan jobbe heile perioden frå 22.06-14.08.2026, eller dei første fire vekene eller dei siste fire vekene. Ber om at du oppgir i søknaden kva som passar for deg.
- Grunnleggande datakunnskapar.
- Krav om førarkort klasse B til nokre av stillingane.
Når du søker stilling som ferievikar i Ålesund kommune, gjeld følgande:
1. Søkar må vere fylt 18 år.
2. Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
3. Søknadar registrerast på stillingsmappa (ref.nr) det er levert søknad på. Søknadane ligg i den aktuelle stillingsmappa så lenge den aktuelle verksemda har bruk for vikarar.
4. Ved elektronisk søknad vil du få ei kvittering om at søknaden er motteken. Om, og kor lang tid det tar før du evt. blir kontakta, avheng av verksemda sitt behov for ferievikarar.
5. Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar må ev. leggast fram på førespurnad.
7. Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgivar i god tid før oppstart i jobben.
8. Det er ei forutsetning at den som skal ansettast kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det krevst også at personleg bankid eller idporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov (Helseplattformen).
9. Søkarar oppfordrast til sjølv å vere aktive opp mot verksemder dei ønsker å arbeide ved. Dette ved å ta kontakt med verksemda si leiing for å spørje om høve til vikararbeid. Det er berre verksemda sjølv som vil ha oversikt over behov og ev. moglegheiter for tilsetting. All kommunikasjon går difor direkte mot kvar einskild verksemd.
Velkomen som søkar til stilling som ferievikar i Ålesund kommune!
Personlege eigenskapar
- Du er ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Du er god på kommunikasjon og samhandling med andre.
- Du ønsker å jobbe med eldre og bidra til at dei får ein god dag.
Vi tilbyr
- God opplæring.
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Amrei Jakobs, Avdelingsleiar, 901 75 377Camilla Almås, Verksemdsleiar, 994 93 553
Arbeidsstad
Hatlahaugen 26016 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5052929566
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 12.04.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442020197
- Sist endret
