Ferievikar
Helse Fonna HF
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Er du eventyrlysten og klar for ein sommar med 10 000 skritt i kvardagen?
Kvifor sommarjobb i Odda?
Odda gir deg den perfekte miksen av vill natur og aktivt sommarliv – jobb, fjord, fjell og treningsøkt etter vakt er berre nokre minutt unna. Du blir ein del av eit internasjonalt miljø der unge vaksne møtast for å lære, jobbe og få sterke opplevingar i Hardanger.
Nokre somrar blir sitjande litt ekstra i kroppen. For Ida som har vore sommarvikar hos oss to år på rad, er det akkurat sånn. Ho seier at ho aldri har lært så mykje på så kort tid, aldri gått så mange skritt på ei vakt – og sjeldan kjent så god meistring på samme tid.
Ho fortel om dagar der alt skjer på ein gong, der ho fekk følgje med, hive seg rundt, spørje og lære – men også om kor trygt det kjennest når kollegaane rundt henne forklarer, viser og dreg henne med i det som skjer. «Du står aldri berre på sidelinja», seier Ida , «du merkar at du trengst».
På sjukehuset vårt treng vi no ferievikarar. Her får du vere ein del av kvardagen til pasientar og pårørande, og du jobbar tett saman med sjukepleiarar, legar og helsefagarbeidarar som tek deg inn i gjengen, gir deg trygg opplæring og er lette å spørje – samtidig som dei forventar at du er påskrudd når tempoet går opp.
👉 Søk sommarjobb hos oss – og bli med der det skjer.
Sjekk ut Sommaraktiviteter i Odda.
Kva går jobben ut på?
Som sjukepleiar eller helsefagarbeider får du mellom anna:
- Hjelpe pasientar med stell, måltid og å komme opp av senga.
- Sørgje for reint sengetøy, orden på pasientromma og fylle på utstyr i hyllene.
- Vere til stades for pasientane og bidra til at dei føler seg trygge.
- Observere og rapportere til sjukepleiarar og legar.
- Følgje pasientar til undersøkingar.
Som anestesisjukepleiar blir du ein del av vårt traumeteam der du får eit tett samarbeid med anestesilege. Inngrep som blir utført ved sjukehuset er generell kirurgi: brokk, galle- og variceoperasjonar, samt gynekologi.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Anestesisjukepleiar, sjukepleiar, helsefagarbeidar.
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- Er glad i mennesker og ønsker å bidra til at pasientane føler seg trygge og godt ivaretatt.
- Ser når noko må gjerast, då finn du ut av ting – anten på eiga hand eller i samarbeid med kollegaer.
- Likar å jobbe sjølvstendig, men du er ikkje redd for å be om hjelp av kollegaene dine.
- Trivst med å jobbe saman i team.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ein trygg start - Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
- Fleksibilitet - Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
- Gode kollegaer - Vi stiller opp for deg.
- Variasjon i kvardagen - Du får jobbe med ulike oppgåver, ingen dagar er like.
- God stemning på jobb – Vi har eit triveleg arbeidsmiljø.
Tilreisande tilbys møblerte hyblar og reisekostnadar opptil 6000.-
Har du spørsmål? Ta kontakt – Sara hjelper deg gjerne med å finne ut om dette er den rette sommarjobben for deg! 😊
FerdigheterAI-generert
- Anestesiologi
- Grunnleggende sykepleie
- Norsk
- Observere helsetjenestebrukere
- Pasientbehandling
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sjukehusvegen 10, 5750 Odda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Anestesi, Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
anestesisykepleier, helsefagarbeider, sykepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441986026
- Sist endret


