Bibliotekar 50 % stilling
Sør-Fron kommune
- Frist 5.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Sør-Fron bibliotek søker deg som brenn for barns leseglede.
På Sør-Fron bibliotek tilbyr vi ei rekkje aktivitetar for barn, unge og familiar.
Arbeidsoppgåver
- Du vil vera tilsett på Sør-Fron bibliotek på Hundorp, men og reise rundt i barnehagane for å tilby lesestunder og legge til rette for m.a. tøyveskebibliotek.
- Du vil samarbeide tett med barnehagane og helsestasjonen for å gje eit tilrettelagt tilbod til barn i aldersgruppa 0-5 år.
- Du vil arbeide med samlingsutvikling, formidling og bibliotekrelatert arbeid på folkebibliotek.
- I tillegg kjem andre oppgåver knytt til dagleg drift.
Stillinga er med i laurdagsturnus med vakt kvar tredje helg og deltek i dagleg drift av biblioteket etter oppsett turnus.
Vi har databasesystemet Cicero og meiropesystemet Bibliotheca.
Kvalifikasjonar
- Førskule-pedagog med arbeidserfaring frå bibliotek eller Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
- Minimum to års arbeidserfaring med barn og unge
- Erfaring med planlegging og gjennomføring av formidling
Personlege eigenskapar
- Du er god på å skape trygge og gode relasjonar med barn
- Du må både kunne arbeide sjølvstendig og fungere godt i team
- Du er god på å drive formidling
- Du har god planleggings- og gjennomføringsevne
- Du må vera serviceinnstilt og løysingsorientert
- Du trivst i hektisk miljø med mange barn på besøk
Vi tilbyr
- Varierte og innhaldsrike arbeidsoppgåver
- Trivelege og serviceinnstilte kollegaer
- Gode moglegheiter for fagleg og eiga utvikling
- Løn etter kommunens lønsregulativ for stillingar med krav om høgare 3-årig utdanning
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
Relevante vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
For stillinga krevst det at gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd, blir lagt fram før tilsetting, jfr. opplæringslova 10-9 og forskrift 15.
Kontaktinformasjon
Marit Kamp Lie, Biblioteksjef, 97015275, marit.kamp.lie@sor-fron.kommune.noArbeidssted
Kommunevegen 72647 Sør-fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommuneReferansenr.: 5053386771
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441573017
- Sist endret



