Kontaktlærar - 100% vikariat - Hordabø skule
Alver kommune
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Kontaktlærar for elever fra mottak
Om stillinga
I 2024 blei det etablert asylmottak på Radøytunet, og Hordabø skule søkjer no etter ein pedagog som skal arbeide med elevane som bur på asylmottaket. Du vil jobbe i team sammen med leiing, timelærarar og assistent som er knytt opp mot desse elevane. Vikariatet er ledig frå 02.03.26 - 31.07.26.
Om oss
Hordabø skule er ein inspirerande barneskule som ligg i vakre omgjevnader i Bøvågen på Radøy. Med fokus på å skape eit trygt og positivt læringsmiljø, og stimulere til leseglede, ynskjer vi å gi våre 100 elevar den beste utdanninga
Kvalifikasjonskrav
Det er ønskjeleg med lærarutdanning for 1-7 eller tilsvarande kompetanse. Gjerne med erfaring frå undervisning.
Søkjarar som ikkje er formelt kvalifisert for fast tilstjing, kan verte vurderte for mellombels stilling.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med opplæringsl § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
FerdigheterAI-generert
- Grunnskoleutdanning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nordbøvegen 1, 5937 Bøvågen
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441421047
- Sist endret
