Vernepleiar eller sjukepleiar 100% fast stilling
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vernepleiar eller sjukepleiar som brenn for å skape gode kvardagar for andre – og samtidig ønskjer nye, spanande utfordringar?
Då kan du vere akkurat den vi leitar etter!
Ura bustadar har no ei ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Du blir ein del av ei engasjert og trygg faggruppe, og jobbar i p.t. langvaktsturnus med arbeid kvar fjerde helg. Bu- og Rehabiliteringstenestene er ei allsidig eining som, i tillegg til butenester for vaksne, tilbyr barne- og avlastingstenester, dagsenter og tenester innan psykisk helse og rus. Hos oss får du varierte arbeidsdagar, gode faglege utfordringar og moglegheita til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.
Det er krav om politiattest av ny dato ved tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk og helsefagleg arbeid i samsvar med brukars tenestetilbod
- Bistand til daglege gjeremål
- Planarbeid, etter gjeldande lovverk, mål og resultat
- Planlegge, kartlegge, dokumentere, evaluere tenestetilbodet
- Kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Primær- og eller sekundærkontaktarbeid
- Legemiddeladministrasjon
- Samarbeid med pårørande/verge
- Journalføring i EPJ
- Eventuelt koordinatorfunksjon
- Eventuelt arbeid med Kap 9 HOTL
- Rettleiing av opplæring av kollegaer, nye tilsette og eventuelt studentar
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeid med brukargruppa og målretta miljøterapeutisk arbeid
- Erfaring med og kunnskap om tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar
- Kunnskap om og erfaring med førebygging og handtering som kan utfordre
- Kunnskap om kap. 9 HOTL
- Personleg eignaheit vert vektlagd
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide målretta og strukturert
- Du må vere løysingsorientert og ha god evne og vilje til å arbeide sjølvstendig og i team
- Du er aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du held deg fagleg oppdatert og er fagleg engasjert
- Du er lojal,har evne til etisk refleksjon og har god arbeidsmoral
- Du er fleksibel
Vi tilbyr
- Utviklingsorientert felleskap
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Trine Garshol, avdelingsleiar, 90776577, trine.garshol@sykkylven.kommune.noLisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Ura6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5052574835
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441304817
- Sist endret
