Politifagleg etterforskingsleiar
Møre og Romsdal Politidistrikt
- Frist 23.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Avsnitt for Felles straffesaksinntak (FSI) har ledig ei fast stilling som politifagleg etterforskingsleiar. Har du ei sterk interesse for etterforsking og vil vere med på å sikre tryggleik og orden i samfunnet? Då er dette stillinga for deg!
FSI er Møre og Romsdal politidistrikt sitt apparat i andre linje for mottak, vurdering og kvalitetssikring av alle innkomne straffesaker. FSI skal sikre innbyggjarane så lik behandling som mogleg uavhengig av kor dei blir utsett for kriminelle handlingar. I tett samarbeid med operasjonssentralen skal FSI yte god og effektiv støtte til politipatruljane si straksetterforsking og politiarbeid på staden, og vareta nødvendige etterforskingsskritt i intitialfasen.
Arbeidet kan i periodar vere prega av høgt tempo, og det blir jobba med krevjande og komplekse straffesaker, ofte i ei hektisk initialfase. FSI er organisert i eit kontorlandskap med politi og påtalejurister side om side. Vi jobbar tidvis mykje prosjektbasert, og alle medarbeidarar må pårekne å bidra i ulike fasar av etterforskinga av dei prioriterte sakene. Vi kan love deg ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag, med heile politidistriktet som arbeidsfelt.
Arbeid på kveld og tredje kvar helg må påreknast. Arbeidsstad er Ålesund.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar og har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar. Samtidig ser vi etter deg som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- Innleiande vurdering, kvalitetssikring og prioritering av straffesaker i samarbeid med påtalejurist
- Setje i verk nødvendig etterforsking i initialfasen, under dette sørgje for at rett ressurs blir kopla på etterforskinga ved behov
- Politifagleg etterforskingsleiing (PEL) i enkeltsaker og etablere E-KO når situasjonen tilseier det
- Rullere på å ha dagleg ansvar for å vareta PEL-funksjonen ved avsnittet
- Utføre etterforskingsoppgåver
- Bistå andre etterforskingseiningar i politidistriktet ved større etterforskingar
- Støtte operasjonssentral og politipatruljane i straksetterforsking og politiarbeid på staden
- Bidra til å byggje kompetanse innan etterforskingsfaget i politidistriktet
- Førespurnader frå publikum og samarbeidande aktørar i spørsmål som omhandlar etterforsking og pågåande saker
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- Fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
- Generell vidareutdanning i etterforsking, eller tilsvarande. Lang erfaring frå etterforsking kan kompensere for krav om vidareutdanning
- Brei kompetanse og erfaring knytt til etterforsking (minimum tre år)
- God kjennskap til lovverket, relevante rundskriv og retningslinjer innan etterforsking
- Gode kunnskapar i bruk av politiet sine sentrale datasystem knytt til etterforsking og prosjektstyring
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne klarerast for HEMMELIG
Det er også ønskjeleg med:
- Relevant leiarutdanning og/eller relevant leiarerfaring
- Spisskompetanse innan eit eller flere fagområde innan etterforskning
- Kjennskap til og forståing av planleggings- og styringssystema til politiet
- Anna relevant erfaring frå politiet
- Erfaring med prosjekt- / teamarbeid
Personlege eigenskapar
- Du kan jobbe jobbe sjølvstendig med god struktur og framdrift
- Gode kommunikasjonsevner og evner til relasjonsbygging
- Gode samarbeidsevner
- Kan ta ansvar og avgjerder, er løysingsorientert og god til å sjå
moglegheiter - Du har gode leiareigenskapar, under dette evne til å sette retning, motivere og skape resultat i samhandling med andre
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Fast stilling som politioverbetjent 0287 i Møre og Romsdal politidistrikt
- Brutto årslønn frå kr. 720 000 - kr. 780 000
- Godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no
- Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441138643
- Sist endret

