Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Tysnes
Fristen er utløpt

IT-konsulent

Alsaker Fjordbruk

  • Frist Snarest
  • Ansettelsesform Fast

Alsaker Fjordbruk søkjer IT-konsulent

Vil du vere med og utvikle og drifte IT-løysingar internt i konsernet? Hos oss er målet å ha kompetansen i eigen organisasjon – me driftar både lokale servere og moderne skytjenester, som Microsoft 365 og Azure. Me ser etter deg som likar å finne løysingar, hjelpe folk og sikre stabil drift. Du får påverke korleis me vidareutviklar vår IT-plattform, og bidra til at konsernet jobbar effektivt og sikkert – kvar dag.

Som IT-konsulent i Alsaker og Meidell konsern vil du ha ansvar for IT-drift på tvers av fleire selskap, med lokasjonar langs kysten frå Rogaland til Hordaland.

Noko reising mellom lokasjonane må påreknast, men kontorstaden din er Onarheim. Du blir ein viktig person i eit konsern med breidt IT-behov, der du sikrar stabil drift og bidreg til utvikling. Du blir del av eit kompetent IT-team som samarbeidar tett med resten av organisasjonen.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som IT-konsulent hos oss vil du jobbe med et breidt spekter av arbeidsoppgåver, blant anna drift og utvikling av vår hybride plattform. Det innebærer å jobbe med alt frå lokalt datasenter og server til MS 365, Azure og sikkerheitsløysingar

Relevante arbeidsoppgaver vil være

  • Følgje opp tryggleik – overvaking, patching, hendingshandtering og forbetring

  • Delta i moderniserings- og effektiviseringsprosjekt

  • Bidra til utvikling av rutinar og dokumentasjon

  • Evaluere og ta i bruk ny teknologi i samråd med resten av IT-teamet

  • Gje brukarstøtte og rettleiing til tilsette

Din profil

Me ser for oss at vår nye IT-konsulent har erfaring med IT-drift, support eller konsulentverksemd. Vidare er det ein fordel at du har kjennskap til MS 365 og Azure, samt serverdrift. 

Me ser etter deg med

  • forståing for IT-tryggleik og interesse for å halde system sikre

  • gode kommunikasjonsevner, både med IT-fagfolk og kollegaer utan teknisk bakgrunn

  • høg grad av lærevillighet, samt at du er løysingsorientert og tek initiativ

  • Sertifisering innan Microsoft 365 er ein fordel, men ikkje eit krav

Kvifor Alsaker Fjordbruk? 

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit konsern i vekst

  • Gode utviklingsmoglegheiter og høve til å påverke IT-strategien

  • Høve til å bygge brei kompetanse og påverke løysingar – me satsar på intern kunnskap

  • Eit triveleg, fagleg dyktig og hektisk miljø

  • Konkurransedyktige vilkår 

Arbeidsstad: Onarheim
Søknadsfrist: Snarast – søknadar vurderast fortløpande.

Ønsker du mer informasjon om stillingen? 

Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgjeverne

  • Espen Gismervik, tlf. 912 49 465

  • Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056

Registrer og send inn CV og søknad snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. Rekrutteringspartnaren vår behandlar alle førespurnader konfidensielt – og overfor oss i Alsaker Fjordbruk i den innleiande fasen dersom det er ønskeleg.

Tiltreding etter avtale.

Ferdigheter

  • Aktiv oppfølging
  • Azure AD
  • Hendelsehåndtering
  • Informasjonssikkerhet
  • IT-operasjoner
  • Microsoft 365
  • User support

Om arbeidsgiveren

Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.

Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no

  • Sektor: Privat
  • Sted: Flakkavågsvegen 14, 5694 Onarheim
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Fiskeri og oppdrett, IT, IT - maskinvare
  • Stillingsfunksjon: Cloud-utvikler, Drift/Operations, IT-sikkerhet
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

it konsulent, it drift, microsoft 365, azure, serverdrift

Alsaker Fjordbruk logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Johanna Grindhaug
  • Stillingstittel: Rådgiver - research & analyse
  • Mobil: 95 93 30 56
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Espen Gismervik
  • Stillingstittel: Rådgiver
  • Mobil: 91 24 94 65
Send meldingSend SMS
  • Bli kjent med HAMNØY AS
  • Hjemmeside

876 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Flakkavågsvegen 14, 5694 Onarheim

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 441124987
  • Sist endret 6.1.2026, 14:22
Rapporter annonse