Grønn glede skapes her! Bli med i teamet vårt som gartner!
Blomen Vinje As
- Frist 31.12.2025
- Ansettelsesform Fast
I over 20 år har Blomen spredd blomsterglede i Vinje. Me skaper vakre rammer til både kvardag og fest, og gir faglege råd om planter -- både inne og ute. Hos oss finn du eit stort og variert utval, inkludert stauder, buskar og tre tilpassa fjellbygdene.
I februar flyttar Blomen inn i heilt nye lokale. Me står midt i ei spennande utvikling, og no søkjer me fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med å forme framtidas Blomen.
Me er opne for ulike stillingsprosentar, avhengig av kven som søkjer -- skriv gjerne kva som passar for deg.
Gartner -- heil stilling (annan stillingsprosent etter avtale)
Me ynskjer ein kunnskapsrik og praktisk orientert gartnar som kan styrkje vår fagkompetanse på planter og plantestell.
Arbeidsoppgåver
-
Stell av potteplanter, utplantingsplanter, stauder, buskar og tre.
-
Lage utstillingar og presentasjonar som framhevar plantene.
-
Kunderettleiiing om plantestell, vokseforhold, jord og gjødsling.
-
Bidra til rein, ryddig og inspirerande butikk inne og ute.
-
Delta i teamarbeidet og ta del i varierte oppgåver etter sesong.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
-
Gartnerutdanning og/eller fagbrev er ynskjeleg. Relevant erfaring frå planteskule, gartneri, hagesenter eller liknande er òg aktuelt.
-
Praktisk, sjølvstendig og løysingsorientert, med evne til å jobbe effektivt i sesongtoppane.
-
Positiv, omgjengeleg og glad i kundekontakt.
-
Førarkort klasse B.
-
Munnleg og skriftleg gode norskkunnskapar.
Me tilbyr
-
Eit kreativt, variert og triveleg arbeidsmiljø med fokus på fag, kvalitet og det som gror.
-
Mogleghet til å vere med på ei spennande nyopning og vidare utvikling av Blomen.
-
Høg grad av påverknad på eigen arbeidsdag og arbeidsoppgåver.
-
Lønn etter kvalifikasjonar og avtale.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441047015
- Sist endret