Blomsterdekoratør: Spre blomsterglede i Vinje!
Blomen Vinje As
- Frist 31.12.2025
- Ansettelsesform Fast
- Om Blomen
I over 20 år har Blomen spredd blomsterglede i Vinje. Me skaper vakre rammer til både kvardag og fest, og gir faglege råd om planter -- både inne og ute. Hos oss finn du eit stort og variert utval, inkludert stauder, buskar og tre tilpassa fjellbygdene.
I februar flyttar Blomen inn i heilt nye lokale. Me står midt i ei spennande utvikling, og no søkjer me fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med å forme framtidas Blomen.
Me er opne for ulike stillingsprosentar, avhengig av kven som søkjer -- skriv gjerne kva som passar for deg.
Blomsterdekoratør -- heil stilling
(annan stillingsprosent etter avtale)
Me søkjer ein kreativ og fagleg sterk blomsterdekoratør som brenn for blomar, estetikk og gode kundeopplevingar.
Arbeidsoppgåver
-
Lage vakre bukettar og dekorasjonar til kvardag og større markeringar.
-
Stell og vareeksponering av snittblomar og planter.
-
Sal, kundeservice og dagleg drift av butikken.
-
Bidra i teamet og ta del i ulike oppgåver etter behov -- me jobbar breitt og hjelper kvarandre.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
-
Fagbrev som blomsterdekoratør er ynskjeleg; relevant erfaring kan kompensere.
-
God estetisk sans og interesse for faget.
-
Arbeidskapasitet og struktur, særleg i travle sesongar.
-
Serviceinnstilt, positiv og glad i folk.
-
Førarkort klasse B.
-
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441044868
- Sist endret