Rådgivar
Helse Fonna HF
- Frist 04.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Likar du analysar, system og folk? Bli rådgivar hos oss.
Som rådgivar hos oss får du utforske mønster og avvik, stille spørsmål ved «sånn har vi alltid gjort det» – og finne betre løysingar saman med andre.
I bemanningsavdelinga i HR jobbar vi kvar dag med ressursstyring, arbeidstid og gode løysingar for leiarar og avdelingar i Helse Fonna. Her får du brukt analysane dine og dele kunnskapen gjennom undervisning og rettleiing, slik at andre kan ta ho i bruk.
Hos oss får du ein variert kvardag, mykje kontakt med leiarar og ein sentral plass i bemanningsarbeidet i Helse Fonna. Du blir ein del av eit positivt team med ulik kompetanse som utfyller kvarandre, og der det er låg terskel for å spørre, dele erfaringar og hjelpe kvarandre.
👉 Høyrest dette ut som ein jobb for deg? Då håpar vi du vil sende oss ein søknad. Ta gjerne kontakt med Signe Elisabeth om du lurer på noko.
Kva går jobben ut på?
- Rådgiving og støtte til leiarar i ressursstyring- og arbeidstidsplanlegging.
- Kvalitetssikre og hente ut analyse- og styringsinformasjon.
- Gi brukarstøtte, undervisning og opplæring for leiarar.
- Rådgiving på bemanningsløysninger til leiar i budsjettprosessen .
- Gjennomføre eller delta i prosjekt knytt til organisasjonsutvikling, arbeidstidsplanlegging og/eller GAT-systemet.
- Bidra med rådgiving innan lov- og avtaleverk, særlig knytt til arbeidstid.
Du jobbar i digitale verktøy – særleg GAT og andre HR- og rapportsystem – og blir ein nøkkelperson i vidare utvikling og bruk av desse.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet, til dømes innan HR, helse, administrasjon eller økonomi.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er ein fordel om du har:
- Erfaring frå HR-system innan ressurs- og arbeidstidsplanlegging.
- Erfaring med analyse og samanstilling av data og rapportar.
- Kompetanse innan lov- og avtaleverk, spesielt knytt til arbeidstid og arbeidstidsplanlegging.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- blir nysgjerrig når du ser eit tal eller ein rapport som ikkje stemmer, og har lyst å finne forklaringa.
- har lett for å lære nye funksjonar i system og verktøy.
- tenker gjennom konsekvensar før du gir råd, og vågar å stille spørsmål til måten vi har gjort ting på.
- synest det er kjekt å jobbe i ei avdeling som er i utvikling, der vi stadig justerer rutinar og finn betre måtar å jobbe på.
- tek ansvar for oppgåvene dine, men brukar kollegaene dine aktivt når du står fast.
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Eit positivt arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og deler kunnskap – du blir ikkje åleine om utfordringane.
- Ei variert rolle der du blir godt kjend med mange leiarar og avdelingar i heile Helse Fonna.
- Fagleg utvikling innan analyse, system, ressursstyring og HR.
- Fleksibel arbeidstid.
Vitnemålsportalen
Me oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Administrere ressurser
- Analysere data
- Arbeidsmiljøloven (Norge)
- Bruke verktøy
- Kjennskap til offentlig virksomhet og lov - og avtaleverk
- Lage vaktlister
- User support
Om arbeidsgiveren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Karmsundgaten 51, 5531 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
rådgivning, system, analyser, tall
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440371970
- Sist endret

