ID 2402 Assistent brannførebyggarfaget - Stord brann og redning
Stord kommune
- Frist 18.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Stord brann og redning er eit kommunalt brannvesen, med hovudstasjon i Studalen (frå januar 2026), like ved Leirvik sentrum. Brannvesenet har i dag 10 heiltidstilsette, samt ein lærling i brannførebyggjarfaget, og om lag 30 deltidstilsette fordelt på hovudstasjonen og depot på Huglo.
Førebyggjande avdeling har ansvar for tilsyn med om lag 120 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med om lag 7500 fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader, i Stord og Fitjar kommunar.
Stord brann og redning søker etter assistent i brannførebyggjarfaget i fast 100% stilling.
Arbeidet inneber møte med mange av våre innbyggjarar og formidling av informasjon om branntryggleik, og sikker bruk av fyringsanlegg. Me er heime hos alle som har fyringsanlegg, og ser etter ein kollega som er profesjonell, nøyaktig og serviceinnstilt ovanfor innbyggjarane våre.
Om du har lyst til å bidra til å betre branntryggleiken for innbyggjarane i Stord, har du moglegheita no. Det vil bli gitt opplæring, og den som tiltrer stillinga må vera villig til å ta <>.
Det er ønskeleg, og tiltenkt at stillinga og har ei rolle i brannberedskapen. Noko som krev at ein har bustad i nærleiken til ny hovudstasjon i Studalen.
Arbeidsoppgåver:
-
Tilsyn med og feiing av fyringsanlegg
-
Sakshandsaming innan eige fagområde
-
Motivasjons- og informasjonsarbeid
-
Brannførebyggjande arbeid med særleg vekt på risikogrupper
-
Kurs- og instruktøroppgåver
-
Inngå som deltidspersonell i brannberedskapen
Kvalifikasjonar:
-
God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
Beherske digitale verktøy
-
Førarkort kl. B
-
Politiattest må visast fram ved tilbod om stilling.
Personlege eigenskapar:
-
Ha interesse for fagområdet
-
Imøtekommande og serviceinnstilt ovanfor innbyggjarane
-
Positiv og samarbeidsvillig
-
Må vere fysisk og psykisk skikka til arbeidet og ha god helseattest
-
Personlege eigenskapar og samansetjing av team vil vektleggjast ved tilsetjing.
Det er ønskeleg med ei breidde i kompetanse og erfaring. Alle som har eit ønske om å bidra til betre branntryggleik for innbyggjarane i Stord oppfordrast til å søke
Me tilbyr:
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Eit aktivt fagmiljø
-
Eit triveleg arbeidsmiljø
-
Fleksitidsordning
-
Treningsfasilitetar på arbeidsplassen
-
Løn etter avtale
-
Offentleg tenestepensjon
Kontaktperson:
Avd.leiar førebyggjande Ragnhild Vad, mobil: 48158582, ragnhild.vad@stord.kommune.no, eller Brannsjef Jan Ove Anthun, mobil: 97552053, jan.ove.anthun@stord.kommune.no.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439419041
- Sist endret