Lønsansvarleg
Aspia Accountor Norge | ØkonomiSenteret Voss AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Me søkjer lønsansvarleg til vårt trivelege team på Voss/Aurland.
Me søkjer lønsansvarleg til vårt trivelege team på Voss/Aurland.
Er du glad i tal, system og struktur – men òg i folk og gode kollegaer?
Hjå oss i Økonomisenteret Voss AS får du moglegheita til å jobbe med lønn og HR-tenester i eit inkluderande og uformelt miljø der fagleg kvalitet og trivsel går hand i hand.
Vert med du og!
Dine oppgåver vil mellom anna vera:
· Ansvarleg for vårt lønsteam
· Lønskøyring for eigen lønsportefølje
· Fylgjer opp refusjonar og kommuniserer med NAV på vegne av våre kundar
· Bistå kundar med spørsmål om lover, reglar og lønsrutinar
· Utvida HR-tenester til våre kundar
Me ser for oss at du har:
· Erfaring frå lønnsarbeid eller rekneskap
· God systemforståing og nøyaktig arbeidsmåte
· Ein positiv haldning og motivasjon til å bidra i eit fagleg sterkt miljø
· Du har god kjennskap og interesse for lover og regler innan løn, og kan arbeida strukturert med faget
· Du har gjerne erfaring med generelt rekneskapsarbeid
· Gode IT-kunnskapar
Hjå oss får du:
· Ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaer
· Eit miljø der me heiar på kvarandre og deler kunnskap
· Høg grad av sjølvstende og tillit
· Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid
· Arbeidsstad: Vangsgata, Voss (alternativt kontor i Aurland)
· Oppstart etter avtale
Me trur du har ein positiv innstilling og smiler sjølv om det er hektisk, noko det ofte er rundt lønskøyringane. Du er organisert, strukturert og nøyaktig – og set di ære i riktig lønn til riktig tid. Kundar og kollegaer trivs med korleis du samarbeida og kommunisera. Du planlegg og nyttar ressursar effektivt, og er komfortabel med digitale verktøy for å forbetre arbeidsprosessar.
Oppstart: Etter avtale
Søknadsfrist: 22.12.2025
Vil du vera med og kombinera rekneskap og teknologi i eit framtidsretta fagmiljø? Send oss søknaden din – me gler oss til å høyre frå deg!
Ferdigheter
- Administrere lønn
- Bokføring
- Digitale ferdigheter
- Kjennskap til lover og regler innenfor lønnsfaget
- Personaladministrasjon
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Om oss
Økonomisenteret Voss AS er eit lokalt eigd økonomikontor med til saman 18 dyktige medarbeidarar, fordelt på våre kontor på Voss og i Aurland. Me leverer rekneskap, løn og rådgjevingstenester til kundar i mange bransjar, og har eit sterkt fokus på god service, fagleg tryggleik og menneskelege verdiar.
- Sektor: Privat
- Sted: Vangsgata 29, 5700 Voss
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: HR, personal og rekruttering, Lønn, Regnskap
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
lønsansvarleg, økonomisenteret, lønn, lønskøyring, kundar
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439122083
- Sist endret


