Her er du

FINN/Jobb/Søk/Vestland/Kvam
Fristen er utløpt

Rådgjevar / Forretningsutviklar – Hardangerkontoret

Hardanger og Voss Næringshage

  • Frist 30.11.2025
  • Ansettelsesform Fast

Vil du bidra til vekst og utvikling i Hardanger og på Voss?

Brenn du for nærings- og samfunnsutvikling, og ønskjer å vere med å skape nye moglegheiter i ein region full av potensial?

Hardanger og Voss Næringshage styrkjer laget i Hardanger og søkjer ein engasjert rådgjevar/ forretningsutviklar til Øystese-kontoret, som vil vere med å løfta bedrifter, gründerar og prosjekt i regionen.

Med visjonen: ‘Me utviklar verksemder, menneske, draumar og idear’, er vi eit utviklingsmiljø for næringsliv og entreprenørskap, og ein del av Siva og Vestland fylkeskommune sitt landsdekkande næringshagenettverk. Kvar dag arbeider vi for å skape vekst, samarbeid og innovasjon – og vi ser no etter deg som vil vere med på laget.

Arbeidsoppgåver

·         Følgje opp og vidareutvikle bedrifter i vekst og omstilling

·         Bistå med rådgjeving, prosjektutvikling, søknadsskriving og nettverkssamlingar

·         Identifisere nye samarbeidspartnarar og utvikle relasjonar

·         Knyte saman næringsliv, kommunar, FoU-miljø og investorar

·         Vere ein pådrivar for utvikling og samarbeid internt og regionalt

Noko reiseverksemd må påreknast.

Om deg

Vi ser etter deg som trivst i rolla som sparringspartnar, initiativtakar og lagspelar. Du har ein genuin interesse for næringsutvikling, er løysingsorientert og likar å få ting til å skje.

Du har gjerne:

·         Erfaring frå rådgjeving, næringsutvikling, prosjektleiing eller konsulentverksemd

·         Høgare utdanning innan relevante fagfelt (økonomi, leiing, innovasjon, samfunnsutvikling e.l.)

·         Evne til å bygge tillit og relasjonar

·         Gjennomføringsevne, pågangsmot og struktur

·         Kjennskap til Hardanger-regionen og eit engasjement for lokal verdiskaping

 

Hos oss får du

·         Ein jobb med reell påverknad – du ser resultata av innsatsen din

·         Varierte og meiningsfulle oppgåver i eit sterkt fagmiljø

·         Fridom, fleksibilitet og gode moglegheiter for fagleg utvikling

·         Ein triveleg arbeidsplass med kollegaer som brenn for regionen

·         Base i kontorfellesskap med ulike verksemder på Fruktlageret i Øystese

Ferdigheter

  • Forretningsutvikling
  • Gjennomføring av utviklingsprosjekter
  • Innovasjonsledelse
  • Prosjekteringsledelse

Om arbeidsgiveren

Hardanger og Voss Næringshage skal vere ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Me er ein samlande, framsynt og kunnskapsrik organisasjon – ein naturleg partnar i lokal og regional næringsutvikling.

Med 15 engasjerte medarbeidarar fordelt på kontora våre i Øystese og på Voss, arbeider me kvar dag med prosjektutvikling, rådgjeving, kursing og nettverksbygging saman med verksemder og partnarar i heile regionen.

  • Sektor: Privat
  • Sted: Sjusetevegen 27, 5610 Øystese
  • Hjemmekontor: På kontoret
  • Bransje: Konsulent og rådgivning
  • Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Konsulent, Rådgivning
  • Arbeidsspråk: Norsk

Nøkkelord

rådgjevar, forretningsutviklar, økonomi, innovasjon

Hardanger og Voss Næringshage logo

Spørsmål om stillingen

  • Kontaktperson: Sigmund Vereide
  • Stillingstittel: Regionansvarleg Hardanger
  • Mobil: 90 07 08 48
Send meldingSend SMS
  • Kontaktperson: Trude Undebakke
  • Stillingstittel: Dagleg leiar
  • Mobil: 91 68 34 98
Send meldingSend SMS
  • Hjemmeside

29 følger dette firmaet

Firmaets beliggenhet

Sjusetevegen 27, 5610 Øystese

Kart

Annonseinformasjon

  • FINN-kode 436948736
  • Sist endret 26.12.2025, 00:04
Rapporter annonse