Me treng fleire som er gode på å ha fleire tekniske prosjekt leveransar i hovudet samtidig
MM_Maritime
- Frist 07.12.2025
- Ansettelsesform Fast
IT Technical Project Delivery Consultant
Den Maritime industrien treng trygge og raske IT leveransar - på alle verdas sju hav. Me treng ein IT Technical Project Delivery Consultant på laget vårt til å styrka dette området.
Kva skal du gjera på?Som teknisk prosjektleiar i Marlink vil du ha ansvar for å handtere fleire prosjekt og tidslinjer samtidig. Du vil samarbeide med både kundar, leverandørar og andre avdelingar i selskapet for å levera og implementera skreddersydde tekniske løysingar. Tekniske førebuingar og planlegging med utførande felt-ressursar, samt administrasjon av logistikk og levering, er sentrale oppgåver i jobben. Å kunne gjere komplekse ting enkle, samt leia prosjekt frå start til slutt, er nøkkel for suksess hos oss.
Kva treng du?Kompetanse og/eller erfaring frå leiing av IT prosjekt, store eller små, vil vera veldig positivt. Du er oppdatert på Microsoft sin portefølgje, både lokal, hybrid og i skya med. God kjennskap til nettverk, maskinvare for både server og arbeidstasjonar vil vere ein stor fordel. Om du kjenner deg igjen i dette så bør vurdera seriøst å bli ein del av laget vårt på Stord.
Kven er du?Du er typen som alltid er ute etter å lære noko nytt og tar initiativ når det trengs. Du trivst godt med å ha fleire ballar i lufta samtidig. Du har relevant utdanning og/eller erfaring frå tilsvarande arbeid. Du har gjerne erfaring frå samhandling med kunder og samarbeidspartnarar. Av og til må du vera klar for utanlandsreise for å møta både kundar og leverandørar. Om du i tillegg har godt humør, gode kommunikasjonsevner både på engelsk og norsk, og føretrekk å arbeida som ein del av eit lag, ja då er det ikkje noko å lura på.
Kva tilbyr me?- Ein arbeidsplass som byr på sterkt samhald og variasjon i oppgåver.
- Konkurransedyktig løn med prestasjonsbaserte bonusar
- Helseforsikring og privat legetjeneste
- Fleksible arbeidsordningar med moglegheit for heimekontor
- Profesjonell utvikling – lær nye ting utan å måtte sitje i ein kjedeleg konferansesal.
- Deltaking i sosiale arrangement og aktivitetar– her er me på Stord best i klassen.
I så fall ser me fram til å høyre frå deg snarleg! Søknader vert vurdert fortløpande.
FerdigheterAI-generert
- IKT-ledelse
- Ledelse av logistikk
- Nettverkskonsepter
- Prosjektleveranse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Meatjønnsvegen 74, 5412 Stord
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: IT, IT - programvare, Maritim og offshore
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436009030
- Sist endret