Rådgivar for kommunikasjon og marknadsføring
Sogn Næring
- Frist 26.10.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å løfte næringslivet i Sogn?
Sogn Næring arbeider for vekst og grøn omstilling i Sogn. Vi ser no etter deg som har lyst til å bruke kompetansen din innan kommunikasjon og marknadsføring til å styrkje næringslivet og utvikle regionen vidare. Som rådgivar for kommunikasjon og marknadsføring blir du ein ressurs på tvers av våre fire strategiske innsatsområde. Du får ei variert rolle som spenner frå innhaldsproduksjon og formidling til profilering, merkevarebygging og utvikling av arrangement, og du vil òg få ansvar for eigne prosjekt innan merkevarebygging og profilering.
Arbeidsoppgåver
Utvikle og følgje opp kommunikasjonstiltak i eigne kanalar og saman med partnarar
Produsere og formidle innhald til nettsider, sosiale medium og nyheitsbrev
Arbeide med tekst, bilete og video, og prøve ut nye format og kanalar
Bidra til å utvikle og styrkje profilen til Sogn Næring og våre partnarar
Planlegge og gjennomføre arrangement, med fokus på kommunikasjon og synleggjering
Som rådgjevar får du òg ansvar for å drive fram eigne prosjekt innan regional profilering og marknadsføring. Her får du moglegheit til å utforme prosjekt heilt frå idéstadiet, med stor fridom i korleis dei blir gjennomførte. I tett samarbeid med dyktige partnarar kan du vere med å påverke korleis Sogn blir vist fram.
Kven er du?
Vi ser etter ein person som er:
sjølvgåande, initiativrik og glad i folk
trygg på å kommunisere både skriftleg og munnleg
i stand til å gjere komplekse tema enkle og forståelege
Det er ein fordel om du har erfaring eller interesse innan:
marknadsføring, kommunikasjon eller merkevarebygging
journalistikk, foto, design eller prosjektarbeid
digitale verktøy som nettsideløysingar (vi brukar Squarespace) og sosiale medium
I Sogn Næring får du
ein variert arbeidskvardag i tett kontakt med næringslivet
høve til å forme rolla og utvikle eigen kompetanse
eit engasjert team som arbeider for ei berekraftig utvikling i Sogn
kontorplass midt i Sogndal, og fleksible løysingar når det trengst
Ferdigheter
- Entreprenørskap
- Journalistikk
- Kommunikasjonsevner
- Markedsføringsansvar
- Prosjektledelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er næringsapparatet til Sogndal- og Vik kommune, og vi er 1.linjetenesta for bedrifts- og grûnderrettleiing. Vi har flere regionale prosjekt og mange ulike oppdragsgivarar i heile regionen. I praksis betyr det at vi arbeida med utvikling, saman med alle som har lyst å få til noko.
Visjonen vår er å vere best på næringsutvikling i Vestland!
Sogn Næring skal legge til rette for at næringslivet tek i bruk ny kunnskap og kompetanse, og bidreg til ei berekraftig utvikling for ei grøn framtid. Dette vil gi livskvalitet for innbyggarane og sikre attraktivitet for regionen som bu- og arbeidsmarknad.
- Sektor: Privat
- Sted: Trolladalen 30, 6856 Sogndal
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Event og arrangementer, Markedsføring og annonsering, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Markedsfører, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kommunikasjon, marknadsføring, merkevarebygging, prosjektarbeid, profilering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 430056064
- Sist endret
